Valsvik må stå over landslagskamp - har brote fotballforbundet sine krav og forventingar

Gustav Valsvik må stå over den komande landslagskampen for U21-laget etter at han søndag vart stogga med promille.

Gustav Vasvik må stå over landslagskamp etter promillekøyring.

KARANTENE: Sogndalspelar Gustav Valsvik har fått ein kamps karantene frå Norges Fotballforbund etter at han vart stogga med 0.25 i promille.

Foto: Montasje/NRK
Arve Uglum
Journalist
Eva Marie Felde

– Vi har informert Gustav Valsvik om at han ikkje blir med på det komande tiltaket, det vil seie kampen mot Aserbajdsjan 1. juni, fortel kommunikasjonsdirektør i Fotballforbundet, Svein Graff.

Årsaka er at den 20 år gamle midtstopparen, som til vanleg spelar på Sogndal, vart stogga med 0.25 i promille under ein rutinekontroll på veg til trening 18. mai.

– Han har brote klubben sine retningslinjer, og han har heller ikkje handla i tråd med dei krava og forventingane vi har til spelarar utanfor bana. Det er beklageleg, først og fremst for Valsvik sjølv, men også for Sogndal og Fotballforbundet, seier Graff.

Tok sjølv kontakt med landslagsleiinga

Sogndal sine interne reglar forbyr spelarane å drikke alkohol fire dagar før kamp og to dagar før trening. Klubbleiinga har også avgjort at Valsvik heller ikkje får spele kampen mot Brann som blir sparka i gong på Fosshaugane tysdag.

Ifølgje Graff var det Valsvik sjølv som informerte forbundet om promillekøyringa. Sogndalsspelaren skal søndag kveld ha ringt til landslagssjef Leif Gunnar Smerud og fortalt om situasjonen.

Gustav Valsvik

KARANTENE: Midtstopparen frå Vik, Gustav Valsvik, får ikkje lov å vere med i landslagstroppen som møter Aserbajdsjan 1. juni.

Foto: Skibstad, Kent / NTB scanpix

– Valsvik har full forståing for at han ikkje får bli med på den komande kampen, seier Graff om Valsvik sin reaksjon på karantenen.

Framleis aktuell for landslaget

Om hendinga får andre følgjer enn utestenging frå den komande kampen vil ikkje Graff spekulere i.

– Vi har vurdert det kortsiktig opp mot kampen som kjem no snart. Vi har ikkje lagt opp til sanksjonar ut over det. Samstundes så er ikkje saka avgjort. Han vart stogga med promille utover det som er lovleg, men det kan vere at blodprøva syner at den er under tillat grense, seier Graff.

Spelaren frå Vik har i fleire år vore innom dei aldersbestemte landslaga i fotball.

Graff understrekar også at Valsvik kan vere aktuell for landslaget på lik linje med andre ved seinare høve.

– Vi gjer heilskaplege vurderingar før kvart uttak. Det sportslege er viktig, men også om spelarar innfrir dei krava og forventingane vi har utanfor bana. Han kan vere aktuell for framtidige landslagstroppar, avsluttar Graff.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.