Hopp til innhold

Valsvik benka etter promillekøyring

Sogndal- og ulandslags-spelaren Gustav Valsvik vart teken for promillekøyring om morgonen 18. mai. Difor spelar han ikkje morgondagens kamp mot Brann.

Gustav Valsvik

SKÅRA: Valsvik skåra det avgjerande målet i førre heimekamp mot Start. Mot Brann er han ikkje med.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

På veg til trening vart Valsvik stogga i rutinekontroll om morgonen den 18. mai. Kontrollen viste at den 20 år gamle midstopparen for Sogndal og U21-landslaget hadde ein promille på 0,25.

Etter at NRK.no publiserte saka om promillekøyringa, har Sogndal frigjeve ei pressemelding som stadfestar at midtstopparen køyrde med promille. Valsvik har i samråd med klubben valt å berre snakke med lokalavisa.

– Eg har skuffa alle. Meg sjølv, spelargruppa, trenarane, klubben, familien min og dei unge spelarane i fylket som eg bør vera eit førebilete for, seier Valsvik til sognavis.no.

«Sogndal Fotball tek sterk avstand frå ei slik hending, då den bryt både norsk lov, klubbens eigne reglar, og heile vårt verdigrunnlag. Vi set pris på at Gustav har vore open og ærleg om det som har hendt .Saka vil bli behandla som ei personalsak vidare i klubben», skriv Sogndal Fotball i ei pressemelding i dag.

Saka blir no handsama vidare av politiet. Køyringa er også eit brot på Sogndal Fotball sine interne reglar. Dei forbyr spelarane å drikke alkohol fire dagar før kamp og to dagar før trening.

Benka mot Brann

Promillekøyringa betyr også at Valsvik ikkje spelar Sogndal sin viktige heimekamp mot Brann.

Under Sogndal si formasjonsøkt måndag var Valsvik ikkje blant dei tre midstopparane som vart drilla i korleis dei skal opptre mot Brann.

I staden dreiv midstopparen intervalltrening saman med Ørjan Hopen og Kristian Fardal Opseth under leiing av fysisk trenar Ørjan Nygård. Treninga var av ein slik intensitet at spel i 90 minuttar mot Brann på tysdag er uaktuelt.

– Eg tenkte ikkje på at eg kunne ha alkohol i blodet. Men det var veldig dumt gjort, då eg er opplærd av foreldra mine til å ikkje kombinera bil og alkohol. Ein dum feil, rett og slett, seier Valsvik til Sogn Avis.

"Ingen kommentar" x 3

På spørsmål om kvifor Sogndal sin mest brukte midstoppar tydelegvis ikkje skal spela årets viktigaste heimekamp samlar Sogndal-leiren seg først i eit felles «ingen kommentar».

- Dette må de snakka med Håvard Flo om, sa speidar og spelarvegleiar Eirik Bakke medan treninga pågjekk.

- Dette har eg ingen kommentar til. De får venta og sjå, sa sportsleg leiar Håvard Flo like etterpå.

Valsvik har spelt samtlege kampar for Sogndal i år, og skåra det avgjerande målet då laget tok sin første heimesiger mot Start 11. mai.

I pressemeldinga skriv klubben at det ikkje vil bli gitt ytterlegare kommentarar frå korkje klubb eller spelar i saka.