Bataljonen i Bergen har allereie kansellert bussen som skulle køyre Brann-supporterar til Sogndal. Den enkle grunnen er at for få har meldt seg på.
I år tek nemleg Sogndal imot storebror Brann på ein tysdag, og kampen i morgon står i fare for å ikkje bli den folkefesten den brukar vere.
Leiar i Baataljonen, Roger Lillebøe-Hansen, seier kampen mellom dei to vestlandslaga normalt er ein stor fest.
– Konsekvensen av at dette er ein tysdagskamp er heilt klart at det blir mindre folk på Fosshaugane den dagen, ja, seier han oppgitt.
Mange droppar turen til Sogn
I den tiande serierunden tek laget i saftbygda imot Brann på Fosshaugane. Det skjer i morgon, tysdag kveld klokka 19.
Dermed blir det vanskeleg for bortesupportarane å ta turen frå Bergen til Sogn. Roger Lillebøe-Hansen i Brann sin supportarklubb legg ikkje skjul på at han ikkje har sansen for kampar midt i ei vanleg arbeidsveke.
– Grunnlaget for til dømes å setje opp ein buss til Sogndal er for dårleg. Vi vil tape for mykje pengar på å setje opp ein buss, og har difor ikkje gjort det til no, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Må unngå krasj
Årsaka til at det i år blir slike midtvekekampar er i hovudsak at vårsesongen starta seint.
I tillegg er det lagt inn pause i serien for at den ikkje skal krasje med fotball-VM og landslaget sine førebuingar til EM-kvalifiseringa. Ifølgje Norges Fotballforbund har dette gjort at kampar må gå midt i veka.
Vidar Vadseth, leiar i Saftkokaradn, meiner dette i praksis er å øydelegge for storkampen i Sogndal.
– Dette ville normalt sett ha vore ein folkefest i bygda, men mykje folk og masse tilreisande bergensarar. No har dei lagt kampen til ein tysdag, noko som hindrar mange bergensarar å ta turen.
– Fotballforbundet har på denne måten teke frå oss ei god oppleving meiner eg, seier han frustrert.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
DUELL: Gustav Valsvik i duell med ein av dei raudkledde Brann-spelarane under eit tidlegare oppgjer mellom dei to vestlandslaga.
Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix– Vanskeleg å skulde på forbundet
I både Bataljonen og Saftkokaradn fryktar supporterleiarane at resultatet av tysdagskampen kan bli at Sogndal og Brann spelar for nesten tomme bortetribuner.
Men i Norges Fotballforbund er dei klare på at supporterane ikkje kan skulde på dei. Nils Fisketjønn som er leiar i konkurranseavdelinga seier det var toppklubbane sjølve som ønska ein tidleg sesong.
– Det er vanskeleg å skulde på fotballforbundet. Det var eit stort ønskje frå klubbane å få starte serien noko seinare enn det som har vore normalt dei siste åra.
– Ein av konsekvensane er midtvekekampar, og så forstår eg det er noko supporterane reagerer på, men det var altså eit stort ønske frå klubbane, seier han.
- LES OGSÅ:
– Dette skulle ha vore ein fest
Roger Lillebøe-Hansen i Bataljonen synst likevel det er synd at dette skal øydelegge for folkefesten.
– Normalt sett er det ein fest i Sogndal når dei får Brann på besøk.
– Skal du sjølv på kampen?
– Nei, eg har mest truleg ikkje høve til å reise opp sidan det er på ein kvardag, sukkar han.