Hopp til innhold

Villakssenteret fortvilar: – Kven stakk av med laksen vår?

Fire villaksar er borte, men korleis dei har forsvunne er eit stort mysterium. Sjefen skuldar på oteren, ordføraren på ubedne gjester på to bein.

Laks i Norsk Villakssenter i Lærdal

STORE FISKAR: Det er fire laksar av denne storleiken som er borte vekk frå senteret i Lærdal. Dette biletet er teke ved eit tidlegare høve i same observatoriet som no står tomt.

Då dei skulle tømme observatoriet for sesongen i førre veke, viste det seg at dei fire store villaksane var vekke. Fiskane var viktige stamlaksar som skulle til klekkeriet for å produsere rogn. No har dei ingen igjen.

– Dei er vekke, men vi veit ingenting om kvifor. Det blir berre spekulasjonar, seier Alf Olsen jr., styreleiar i stiftinga Norsk Villakssenter.

Trur folk står bak

Øystein Backe og Rune Gokstad på Norsk Villakssenter

KJENDISAR: Her er NRK-kjendisane Øystein Backe og Rune Gokstad på eit tidlegare besøk i det omtalte observatoriet.

Foto: NRK

Han er sjef for Norsk villakssenter i Lærdal som tek mål av seg til å vere eit nasjonalt senter for villaks. Senteret som er bygdas store turistattraksjon ligg ved breidda av Lærdalselvi. Dette er elva der Kong Harald fiskar fast kvart år, og som har kalla si andre dronning.

Det er kommunen som eig villakssenteret, og ordføraren i Lærdal er fortvila over den spesielle hendinga. Han trur det er menneske som har vore på ferde.

AlfOlsen

SPEKULASJONAR: Det blir vanskeleg å finne ut av kva som har skjedd, og styreleiar Alf Olsen meiner det er dumt å spekulere.

Foto: Erlend Blaalid Oldeise / NRK

– Dette er heilt utenkeleg. Vi har drive observatoriet i over 20 år, og dette har aldri skjedd før. No lurer eg jammen på kva som har skjedd, for det er ikkje mogleg at laksane har rømt. Eg er nesten heilt overtydd om at det har vore nokon der og tatt laksane, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

Alf Olsen jr. er ikkje einig i at det er folk som står bak forsvinninga. Han meiner det er svært krevjande å ta seg inn på anlegget og stele fisken frå observatoriet.

– Eg tvilar sterkt på at nokon har tatt laksane. Det kan hende, men eg veit kor vanskeleg det er. Vi har hatt hendingar med oter før, så det er nok den mest sannsynlege forklaringa, seier Olsen.

– Eg er mållaus

Ordføraren i Lærdal meiner det er umogleg at ein oter kan ha tatt laksane.

– Eg er ingen ekspert, men eg har snakka med ekspertar og viss det hadde vore rovdyr på ferde ville det ha vore igjen restar etter fiskane – og det er det ikkje, seier Solheim.

Jan Geir Solheim

FORFERDA: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, trur folk har teke seg inn på Villakssenteret og tatt dei fire villaksane med håv eller fiskestong.

Foto: STINE KYRKJEBØ JOHANSEN / NRK

– Eg er mållaus. Eg har tenkt mykje etter at eg fekk greie på det. Dette er ville dyr i sitt rette element, og tenk for eit oppstuss det hadde blitt dersom bjørnane var vekke frå ein dyrepark, legg han til.

Mysteriet om dei forsvunne villaksane blir vanskeleg å oppklare. Det er ikkje overvakingskamera på senteret og senteret har ikkje meldt det til politiet.

– Det er synd, men vi brukar ikkje offentlege midlar til å oppklare dette. Vi klarer nok ikkje finne ut av det, vi må berre finne ut korleis vi skal unngå at dette skjer i framtida. Kanskje vi no må vurdere å sette opp videokamera, seier Olsen.

Villakssenteret i Lærdal

MYSTISK: Det er ikkje lett å vite kva som har skjedd på Norsk Villakssenter i Lærdal.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK