NRK Meny
Normal

Kvar tredje student lever på kreditt: - Kan bli ein vond sirkel

FØRDE (NRK): Av 1000 studentar svarer ein av tre at dei har sett seg i kredittkortgjeld for å klare å dekke nødvendige utgifter.

Håvard Nordtveit, Morten Jensen og Benjamin Dokken, studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

KREDITT: Studentar går månadleg med kring 4000 kroner i månaden meiner Norsk studentorganisasjon. I Førde ser også Håvard Nordtveit, Morten Jensen og Benjamin Dokken, at det er vanskeleg å få pengane til å strekke til kvar månad.

Foto: Martin Torstveit

– Nokre gonger har eg fått ikkje godkjent når eg har drege kortet. Eg har fått lånt pengar av foreldre, og jobba når eg har fri. Og så har eg brukt masterkortet nokre gonger, seier Håvard Nordtveit.

Han er student ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og ei fersk undersøking gjort for studentavisa Universitas og Norsk Studentorganisasjon, syner at han er langt frå åleine. For ein av tre studentar brukar kredittkortet for å betale for nødvendige utgifter.

Therese Eia Lerøen

UROA: Leiaren i Norsk studentorganisasjon, Therese Lerøen meiner studiestøtta norske studentar får i dag er for liten. Med fullt lån og stipend får ein student kring 100 000 kroner i året.

Foto: Skjalg Bøhmer Vold / NSO

Mat, bustad, klede og aktivitetar. Alt kostar, og hundre- og tusenlappane får fort bein å gå på. Leiar i Norsk Studentunion, Therese Lerøen, likar resultatet frå undersøkinga dårleg.

– At studentar må ty til andre inntektskjelder er ikkje overraskande, men at dei set seg i kredittkortgjeld er synd, seier ho.

Studentleiaren peikar på at dagens studentar med i snitt går 4000 kroner i minus i månaden, sjølv med studiestøtte. Også i Sparebanken Sogn og Fjordane ser dei ein tendens til at fleire studentar slit med kredittkortgjeld.

– Få bukt med gjelda

– Studentar, som i utgangspunktet ei opplyst gruppe, er sårbare. Det er store forventingar og kjøpepress i kvardagen som går ut over økonomien, seier sjef for privatmarknaden i banken, Alexander Dvergsdal.

Alexander Dvergsdal i Sparebanken Sogn og Fjordane

PLANLEGG: – Jobbar du ein til to dagar i veka, så har du fått 4000–8000 kroner utbetalt, seier Alexander Dvergsdal i Sparebanken Sogn og Fjordane. Han meiner studentane må bu seg på dei økonomiske vanskane som kan kome i studietida.

Foto: Eva Marie Felde

Han kjenner igjen problema frå då han sjølv var student. Med fullt lån og stipend har ein student om lag 100 000 kroner årleg. Det er for lite, og årsaka til studentane sine økonomiske problem, meiner studentorganisasjonen.

Å betale seg ut av ei knipe med kredittkort kan fort bli ei dyrekjøpt erfaring. For renta ligg ofte på mellom 15–20 prosent.

– Går dette over tid, og ein ikkje betalar tilbake, så blir det fort dyrt for den enkelte.

Lærer seg å leve på lite

I Førde trur studentane at hyppig bruk av kredittkort fort kan føre til ein vond sirkel, der ny gjeld må betalast månad etter månad. Å ha lite pengar ein periode trur dei samstundes kan vere lærerikt.

– Eg ser på prisen på alle varene, og eg må tenkje meg om før eg går ut på byen, kjøper nye klede og slikt, seier Benjamin Dokken.

Banken sitt klare råd til studentane er å ta tak i problema raskt.

– Kontakt selskapet du har fått gjelda frå eller banken og ordn opp. Få til ei betalingsløysing du kan leve med i framtida.

Og skulle det verkeleg røyne på, så veit studentane råd.

– Viss det er så gale at eg nærmar meg null kroner på kontoen, så kan eg jo berre kjøpe ein pakke nudlar og kose meg, seier Dokken.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.