Hopp til innhold

Kroken på døra for Knaken

Drifta av Knaken blir lagd ned av brørne Knagenhjelm etter at det vil koste 370.000 for registrering av kulturminne ved Kaupanger Hovedgård.

Kaupanger Hovedgård

DEL AV KAUPANGER HOVEDGÅRD: Knaken er ein del av Kaupanger Hovedgård. I Kaupanger er Knaken ein populær samlingsstad, men no er det slutt.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Livet er for kort til å krangle. Dette var dropen som fekk begeret til å renne over, seier Christoffer Knagenhjelm.

No er det slutt for Knaken, som er ei familiebedrift på Kaupanger Hoverdgård, starta av Trude og Christoffer Knagenhjelm. Dei har drive kafe, overnatting og kulturformidling i den gamle sauefjøsen på garden.

I nær ti månader har Christoffer saman med broren Nils Joachim venta på svar på ein søknad om løyve til nydyrking av gras på Kaupanger Hovedgård. Det er Nils Joachim som eig og driv garden

Men registrering av eventuelle kulturminne vil koste 370.000 kroner. Dette fann dei ut vart for dyrt, og til slutt vart det kroken på døra for Knaken.

– Dette var ikkje viktig berre for garden, men også for Knaken. Det har vore ein særs tung og byråkratisk prosess, som no gjer at Kaupanger og Sogn misser eit tilbod, seier Knagenhjelm.

Det var nettstaden porten.no som først omtalte saka.

Kaupanger Hovedgård - skjøtselplan

FØR OG ETTER: Det underste biletet viser kva brørne Knagenhjelm ynskjer å oppnå. Biletet over er før arbeidet tek til.

Foto: Kaupanger Hovedgård

Ein søknad i fleire delar

Brørne Knagenhjelm følar at dei har masa lenge.

– Eg har sendt mange purringar, så til slutt når eg sette foten ned så har fylkeskommunen bestemt seg for å behandle dette, seier Nils Joachim Knagenhjelm.

Av praktiske årsaker har fylkeskommunen delt søknaden opp i fleire delar. I samband med dette skulle Sogn og Fjordane fylkeskommune sende ut eit kostnadsoverslag på registreringa av kulturminne.

– Det er ein omfattande søknad som nok har tatt lenger tid enn normalt. Vi har sendt ut eit kostnadsoverslag på gjennomføring av undersøkingane, seier fylkesarkeolog Glenn Heine Orkelbog.

Eva Moberg

– BEKLAGELEG: Fylkeskonservator Eva Moberg.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Kan få tilskot frå Riksantikvaren

Eva Moberg, som er fylkeskonservator ved kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune seier seg lei for at brørne Knagenhjelm legg ned Knaken.

– Eg synest det er veldig beklageleg dersom dei ser seg nøydde til å avvikle Knaken, for det har vore veldig vellukka. Det har fungert veldig bra når det gjeld formidlinga av hovudgården og stavkyrkja.

Området som Knagenhjelm ynskjer å nydyrke er på nesten 200 dekar.

– Og då er det dei som er tiltakshavarar som må koste dei arkeologiske registreringane. Men dersom det blir urimeleg økonomisk tyngande kan dei søke Riksantikvaren om å få dekke det heilt eller delvis. Det vil vi oppmode dei om å gjere, seier Moberg, som trur at dei vil ha gode sjansar til å få tilskot.