Hopp til innhold

Eigar tek grep for å hindre at kulturminne går opp i røyk - vil investere to millionar kroner

Bygningane på Kaupanger Hovedgård er rekna som viktige nasjonale kulturminne. No vil eigarane investere millionar for å sikre det historiske bygningsmiljøet for brann.

Christen Knagenhjelm og Christoffer Knagenhjelm vil brannsikre Kaupanger Hovedgård

VIL SIKRE: Christen Knagenhjelm og Christoffer Knagenhjelm ønskjer å installera sprinklaranlegg i mange av bygningane for å hindra brann på Kaupanger Hovedgård. Prislappen blir minimum to millionar kroner.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Den staselege hovudbygningen og resten av bygga på storgarden i Sogn er godt tekne vare på. Til saman er elleve av dei 21 bygga freda.

Ein storbrann her vil i tillegg innebere stor fare for Kaupanger stavkyrkje som ligg like ved.

Eigar Christen Knagenhjelm vil gjere alt han kan for å hindre at det oppstår brann. Han har mellom anna skifta det elektriske anlegget i hovudhuset, og installert seriekopla brannalarm i dei elleve freda husa som står tett.

Faren for at ein brann kan spreie seg i det unike bygningsmiljøet er stor.

– Eg trur ikkje ein skal undervurdere faren for spreiing. Som vi såg i Lærdal kan vinden bere gneistar ganske langt, og som vi ser her ligg stavkyrkja like ved, seier Knagenhjelm og peikar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Christen og Christoffer Knagenhjelm ved Kaupanger stavkyrkje

Kaupanger stavkyrkje ligg berre nokre meter frå Kaupanger Hovedgård. Faren for at ein brann kan spreia seg er ekstremt stor i dette bygningsmiljøet, seier Christen og Christoffer Knagenhjelm.

Fryktar for stavkyrkja like ved

Brann har også herja på den tradisjonsrike herregarden tidlegare. Veslejulaftan 1850 stod hovudbygningen i brann, men vart seinare bygd opp att.

– Byggestilen er skildra som vestnorsk seinempire, og dette er det største private bustadhuset på Vestlandet, fortel Knagenhjelm.

Berre eit steinkast unna står den over 800 år gamle Kaupanger stavkyrkje frå 1190. Skulle det oppstå ein brann på hovudgarden vil det kunne få dramatiske konsekvensar.

Christen Knagenhjelm meiner difor at det hastar å få sett inn sprinklaranlegg i bygningane for å hindre at kulturminne av nasjonal verdi går opp i røyk.

Seinast under brannen i Lærdal for halvanna veke sidan slukte flammane tre verneverdige bygg. Eitt av dei var også freda.

Vil sikre heile anlegget

Sonen og 11. generasjon Knagenhjelm på Kaupanger Hovedgård er oppteken av det same. Christoffer Knagenhjelm ber Sogn og Fjordane fylkeskommune om å prioritere brannsikring av Kaupanger Hovedgård.

Kostnaden for å setje inn sprinklaranlegg i dei elleve freda bygga vil koste om lag to millionar kroner.

– I tillegg kjem dei bygga som ikkje er freda. Vi har ein diskusjon om at vi også ønskjer å sikre dei, for skulle vi sikre halvparten av bygga og la resten stå, vil det vere ein brannfare i seg sjølv, seier Christoffer Knagenhjelm.

– Sist gong vi dreiv med brannsikring måtte vi ta opp privat lån for å finansiere det, legg han til.

Kaupanger Hovedgård

Av totalt 21 bygningar på Kaupanger Hovedgård er 11 freda. Mange av husa står tett i tett. Familien Knagenhjelm etterlyser at Sogn og Fjordane fylkeskommune kjem på bana for å prioritera brannsikring av dette unike bygningsmiljøet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Viser til Riksantikvaren for pengestøtte

Fylkeskonservator Eva Moberg i Sogn og Fjordane fylkeskommune kan ikkje love pengar. Ho viser til at det er Riksantikvaren som gir pengar til brannsikring av freda bygg.

Men at bygga på Kaupanger Hovedgård er verdifulle er det ingen tvil om.

– Dette er bygg som er av nasjonal verdi. Det er eit stort anlegg med freda bygg, og det ligg i tillegg i nærleiken til Kaupanger stavkyrkje. Det er eit spesielt miljø, og er av den grunn også områdefreda, seier Moberg.

Ho seier fylkeskommunen vil bidra til at det skal bli løyvd pengar for å sikre dei tradisjonsrike bygga.

– Vi vil hjelpe til med ein søknad til Riksantikvaren, og vi vil støtte eigaren i hans vurderingar av kor viktig det er med god brannsikring av Kaupanger Hovedgård, seier Moberg.

Håpar noko skjer raskt

På Kaupanger Hovedgård har eigar Christen Knagenhjelm klare forventningar om at kulturminnestyresmaktene tek grep.

– Eg vil både håpe, tru, ønske og krevje at dei ansvarlege styresmakter snarast set i verk ei risikoanalyse, og med bakgrunn i den får opp ein skikkeleg plan for brannsikring av anlegget, seier han.

Christen Knagenhjelm og Christoffer Knagenhjelm

KULTURHISTORIE: Christen Knagenhjelm og Christoffer Knagenhjelm, 10. og 11. generasjon Knagenhjelm på Kaupanger Hovedgård, framføre hovudhuset på godset. Hovudhuset, slik det står i dag, blei bygd opp att etter ein storbrann i 1850.

Foto: Noralv Pedersen / NRK