Hopp til innhold

Kristian var hardt skadd i bilen – bilistar køyrde rett forbi

FØRDE (NRK): Skadd og i sjokk sat Kristian Solheim åleine i bilen etter ei ulukke, medan bil etter bil køyrde forbi.

Kristian Solheim der fleire køyrde forbi etter ei ulukke

FRAMLEIS PREGA: Kristian Solheim gløymer aldri den dramatiske desembermorgonen.

Foto: SNORRE SANDEMOSE / NRK

Ein tidleg laurdags morgon i desember i fjor mistar han veggrepet til bilen på glatta. Ved Blomlia skisenter i Førde kolliderer han med rekkverket på begge sider av vegen.

I bilen sit ein sjokkert Solheim som er hardt skadd i ryggen og beina. Sjokket blir større når fleire bilar berre køyrer forbi.

– Eg ser i bakspegelen ein bil som slakkar ned og nesten stoppar, men plutseleg køyrer den vidare, seier han.

Ytterlegare to bilar køyrer forbi.

– Du skal ikkje køyre forbi ei ulukke. Det som irriterer meg mest er at det låg bildelar i vegen og nødblinken min var på, seier Solheim.

Ulukke

TRE BILAR KØYRDE FORBI: I denne bilen sat ein hardt skadd Kristian Lund Solheim. Han måtte oppleve at tre bilar ikkje stogga for å hjelpe.

Foto: HELGE JOHNSEN / FIRDA

Las opp bilnummer til politiet

I bilen sit han med store smerter. Han får ringt 113 og politiet. Til politiet les han opp nummeret på bilskilta til dei som berre køyrer forbi bilulukka.

– Vi tok kontakt med den eine av bilistane, men vi har ikkje gitt noko bot, seier regionlensmann Dag Fiske.

Han opplyser vidare om at alle er pålagde å stogge for å hjelpe nokon som er råka av uhell på vegane.

– Lovverket er veldig klart. Ein har som plikt å stogge ved uhell, eller der det er behov for hjelp. For det første er det straffbart om ein ikkje gjer det, og det er viktig at dei som treng hjelp faktisk får det, seier Fiske.

Prisar seg lukkeleg over at den fjerde stogga

Ein skadd Solheim må sjå bil etter bil berre køyre forbi, før den fjerde bilen stoggar.

I bilen er eit ektepar frå Rogaland. Dei held den skadde mannen med selskap fram til sjukebilen er framme på staden. Varmen dei viste den kalde desembermorgonen er noko han aldri vil gløyme.

– Det at dei stogga gjorde at eg fekk ei kjensle av tryggleik. Dei var utruleg snille. Eg skalv av kulde og dei ofra jakkene sine, seier ein rørt Kristian Lund Solheim.

Solheim slit framleis med store plager etter ulukka og må bruke krykker etter skade i beina. To til tre gonger i veka trenar han med eit håp om å ein gong kaste krykkene.

Bilulukke

HJELP TIL SLUTT: Den fjerde bilen som passerte ulukka stogga.

Foto: HELGE JOHNSEN / FIRDA