Hopp til innhold

KrF ønskjer å betre rettane til offer for menneskehandel

Kristeleg folkeparti føreslår at offer for menneskehandel skal få opphaldsløyve. Førre veke vart det kjent at Yasmin, ei somalisk kvinne som vart selt som sexslave i ei årrekkje, ikkje får bli i Norge.

Yasmin tror ikke hun overlever dersom hun sendes ut av Norge

VART SELT SOM SEXSLAVE: Somaliske Yasmin trur ikkje ho overlever dersom ho blir send ut av landet.

Foto: Mari Allgot Lie / NRK

Stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad for KrF seier menneskehandel er grov kriminalitet, og ber Stortinget sjå på moglegheita for at offera får opphaldsløyve.

– Dersom det kan sansynleggjerast at du er offer for menneskehandel, så skal du kunne få opphald i Norge, uavhengig av om bakmennene blir dømde seier Ropstad.

For seint for Yasmin

For somaliske Yasmin kjem forslaget for seint. Lagmannsretten har slått fast at den svært sjuke kvinna, som vart tvangsprostituert i 15 år må reise til Ungarn, landet ho først søkte i asyl i.

KRF vil greie ut om ein kan gje offer for menneskehandel opphaldsløyve utan at bakmennene er straffeforfulgt, slik kravet er i dag.

Kjell Ingolf Ropstad

LOVFORSLAG: Stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad for KrF seier menneskehandel er grov kriminalitet, og ber Stortinget sjå på moglegheita for at offera får opphaldsløyve.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Diverre har særleg Høgre, Frp og Arbeidarpartiet vore skeptiske til ein del av desse sakene. Mi oppleving etter dialog med regjeringspartia så er ein no i alle fall meir imøtekomande, så eg har tru på at vi kan få fleirtal når Stortinget skal handsame saka no i haust.

Positiv til forslaget

Kari Henriksen

POSITIV TIL FORSLAGET FRÅ KrF: Kari Henriksen sit i Justiskomiteen for Arbeidarpartiet.

Foto: Nina Kristiin Vraa

Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet Kari Henriksen som sit i Justiskomiteen, som først skal handsame forslaget frå Krf, er positivt til forslaget.

– Arbeidarpartiet er positive til det forslaget og håpar regjeringa vil følge det opp og ta det på alvor, seier Henriksen.

I Høgre seier justispolitiske talsmann Anders Werp at han meiner det må bli gjort meir for å bekjempe menneskehandel.

– Vi kjem til å vurdere forslaget frå KrF nøye. Det bør opprettast ein funksjon med ein nasjonal rapportør som skal rapportere til politiske styresmakter om korleis tiltaka mot menneskehandel fungerer i Norge og kva som kan gjerast, seier Werp.

Anders B. Werp

LOVAR TETT OPPFØLGING: Anders Werp er justispolitiske talsmann i Høgre.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Men dei tiltaka som du nemner går meir på avdekke, kva vil Høgre gjere for dei som er offer for menneskehandel?

– Vi må heilt opplagt ha ei tett og god oppfølging av personar som er i ein særdeles sårbar situasjon. Det har regjeringa starta på, og det kjem vi til å fortsette med.