NRK Meny
Normal

Glopparane krev utbetring før E39 får ny trasé

Gloppen og Eid tapte kampen om den framtidige E39-traseen. No krev dei eksisterande trase utbetra - før brua i Stryn står ferdig.

Olin Johanne Henden og Bjørn Hollevik

STILLER KRAV: Når slaget om E39 no er tapt, stiller høgrepolitikar Olin Johanne Henden (t.v.) krav om utbetring av eksisterande E39.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Skuffa vegforkjemparar i Eid og Gloppen vil no ha plaster på såret etter at regjeringa måndag kveld gjorde det klart at dei vil flytte E39 til Stryn og Kvivsvegen .

Høgrepolitikar Olin Johanne Henden i Gloppen meiner det er viktig at staten no kjem midtre Nordfjord i møte. Dagens E39 skal ha denne statusen fram til brua i Stryn står klar.

– Spesielt no som E39 blir liggande der den ligg inntil videre, så er det viktig at investeringane ikkje stoggar opp, men at ein rustar opp vegen så den ikkje er så trafikkfarleg som den er no. Det skjer ulukker og vegen er veldig dårleg på enkelte punkt, seier ho.

Stiller tre krav

Henden, som også sit på fylkestinget for Høgre, har no skrive brev til statsminister Erna Solberg. Kravet er klart: utbetring på Byrkjelo - Sandane, og 20 minuttars avgangar på ferjesambandet Anda - Lote. Og at dette skjer før arbeidet med nye E39 startar.

Trude Brosvik

STØTTAR: Trude Brosvik (KrF) støttar glopparane sine utbetringskrav til regjeringa.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kravet får støtte frå KrF sin fylkesleiar, Trude Brosvik.

– Eg meiner også at Lotetunnelen må utbetrast, for den er ikkje god nok i høve til trafikken som er no, seier ho.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) skjønar kravet og seier seg samd i at vegen treng opprusting. Samstundes presiserer han at han ikkje kan gje noko løfte.

Vil sjå på strekkjer

Bygginga av E39 er uansett ikkje noko tema før ny Nasjonal Transportplan skal vere klar i 2018. Statsminister Erna Solberg har også signalisert at Møre og Romsdal og Hordaland kjem før Sogn og Fjordane.

– Det er langsiktig perspektiv på det som skjer. Det betyr at vi også må sjå veldig grundig på trafikken, ferjefrekvensar og den type ting i mange år framover, seier han.

Ketil Solvik-Olsen

FORSTÅR: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen forstår kravet, men kan ikkje gje glopparane noko løfte.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi må også sjå på standarden på dagens E39 og kva investeringar som må og bør gjerast noko med, uavhengig av kva status vegen har i framtida. Eg har spesielt merka meg strekkja mellom Byrkjelo og Sandane, der det er mykje dårleg veg, held han fram.

Vil ha bru

I Gloppen ser høgrepolitikar Henden endå lenger fram i tid. Regjeringa har bestemt at E39-brua skal komme i Stryn, men til liks med Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V), meiner ho at ferjesambandet Anda - Lote må erstattast med ei bru.

– Ferjeanboda blir dyrare og dyrare, og miljø er eit godt argument. I staden for å planleggje at ferja skal gå over Anda - Lote til evig tid, så er det veldig viktig å sjå på korleis ein kan få realisert ei bru der, seier ho.

– Regjeringa har ein offensiv politikk for ferjeavløysingsmidlar. Det gjer at det kan vere interessant både for oss og lokale politikarar å sjå på moglegheitene ein gong i framtida, men det er for tidleg å ta debatten no. Det blir ei anna sak enn E39, svarar Solvik-Olsen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune