Hopp til innhold

Cruiseturisten legg att lite pengar

Cruiseturistane er dei som legg igjen minst pengar, viser ny forskning. Likevel ynskjer stadig fleire kommunar i fylket å få cruiseturistene inn i si hamn.

Cruiseskip
Foto: NRK

Sogndal kommune er blant dei som vil byggje cruise-kai. Ordførar Karen Marie Hjelmeseter meiner det blir feil å ikkje satse på cruiseturisme. Sognefjorden er eit attraktivt område for turistar, og det må utnyttast, meiner Hjelmeseter.

Cruiseskip i Flåm
Foto: NRK

Boltre seg på land

Og allereie frå neste år håpar Hjelmeseter at Sogndal kan ta imot cruiseturistar. Ho seier næringa sjølv gjev uttrykk for at dei ønskjer eit større sentrum som dei kan boltre seg i når dei er på land. Dette er etterkvart blitt meir attraktivt blant cruise-turistane, seier Hjelmeseter.

Tener mindre

Forskinga er gjennomført av Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ifølgje forskinga tener det lokale næringslivet dårlegare på cruiseturistar enn andre turistar. I gjennomsnitt legg ein cruiseturist igjen 500 kroner per dag, sier høgskulelektor i reiseliv Ståle Brandshaug.

Ikkje tent med cruise

-Dei kjem i store grupper til land der dei oppheld seg kort tid før dei reiser vidare.Det er varierande motiv for å satse på cruise. For nokon kan det vere eit fint supplement til anna turisme. Men det siste halvåret har det kome vel mange positive initiativ. Alle ønskjer seg ei cruise-satsing og det er vi ikkje tent med på Vestlandet, trur Brandshaug.

Feilslått politikk?

Og fleire kommunar har no planar om å legge til rette for cruisetrafikk. Blant dei er Vik og Luster. Spørsmålet er om dette kan vere feilslått politikk når det er andre turistar som legg igjen mest pengar.

- Tyskarar og nederlendarar er store på marknaden. Dei legg igjen frå 650 - 750 kroner pr.døger, og oppheld seg i området i snitt 10 døger. Dermed legg dei igjen meir pengar i området enn cruise-passasjerane, seier Brandshaug

Utvidar også i Nordfjord

Nordfjord har lang erfaring med cruiseturistar. I fjor kom over 50.000 turistar med cruise til Olden. Dagleg leiar i Reisemål Stryn- Nordfjord, Jens Christian Skrede, synst det blir feil å sette cruiseturister opp mot andre turister.

Og fram mot 2009 skal kaien i Olden utvidast for å kunne ta imot større skip.