Hopp til innhold

Krev at kraftpengane blir i fylket

Senterpartipolitikar Steinar Ness er uroa for kva som skjer med Sogn og Fjordane Energi i den nye vestlandsregionen.

Steinar Ness

EVIGVARANDE PENGEMASKIN: Steinar Ness meiner SFE er ei evigvarande pengemaskin som må sikrast for framtida.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– SFE er kronjuvelen vår, den må vi ikkje gi bort til dei andre fylka, seier Senterpartipolitikar Steinar Ness.

Av dei tre fylka som etter planen skal slå seg saman til ein ny vestlandsregion har Sogn og Fjordane den beste økonomien. I planen dei tre fylkesordførarane signerte tidlegare denne veka fekk Sogn og Fjordane lov til å ha med seg eit særeige på 1,5 milliardar kroner inn i den nye regionen.

Planen er at desse pengane mellom anna skal innehalde pengane frå salet av Fjord1. Sogn og Fjordane Energi vart ikkje nemnt i dei planane som vart lansert før helga, det uroar Ness. Han krev at SFE blir halde utanfor den nye regionen.

– Framtida til SFE ser ikkje ut til å vere omtalt eller avklart i denne avtalen. Det er ei evigvarande pengemaskin, som fylkeskommunen i dag forvaltar på vegner av innbyggarane i fylket. Eg ville ikkje gått til forhandlingar utan avklaring på korleis desse verdiane kan sikrast også for framtida.

Jobbar med saka

Jenny Følling i korridorane på Sunnfjord Hotell

I LØPET AV HAUSTEN: Jenny Følling fortel at dei skal ta stilling til SFE si framtid i løpet av hausten.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Fylkesordførar Jenny Følling er einig med Ness i at det er viktig å sikre at verdiar blir verande i Sogn og Fjordane når ein skal inn i ein ny vestlandsregion. Ho fortel at det å halde SFE-pengane i Sogn og Fjordane er noko ein jobbar med å få til.

– Vi har felles syn på at vasskraft er ein evigvarande ressurs og vi arbeider med å finne løysingar der ressursane blir verande i vårt område. No får vi greidd ut ulike alternativ og så skal vi ta stilling til dette i løpet av hausten.