Hopp til innhold

Distad (H) krev at Kleppa dekkjer vegraseringa

Noralv Distad (H) ventar at samferdsleministeren hostar opp 80 millionar for å dekkje skadane på fylkesvegnettet i Sogn og Fjordane.

Noralv Distad

IKKJE URIMELEG: – Eit slikt krav er ikkje noko urimeleg i ein slik situasjon, seier Noralv Distad.

Foto: pressefoto, Høgre

– Mitt klare krav til samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa er at ho må komme inn med ekstraordinære middel til Sogn og Fjordane, seier gruppeleiar for Høgre på fylkestinget i Sogn og Fjordane, Noralv Distad.

Ei førebels utrekning frå Statens vegvesen syner at orkanen Dagmar har gjort skader for over 120 millionar kroner på vegnettet i Sogn og Fjordane.

Mellom anna er nær to kilometer av fylkesveg 664 mellom Grodås og Otterdal heilt vekk. Fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll har vore stengd sidan kvelden 1. juledag, og her må fjellsida spylast før ein kan setje trafikk på vegen.

Fylkesveg 92 mellom Vik og Arnafjord vart stengd av eit stort ras, og her måtte det mykje arbeid til før vegen kunne opnast etter tre dagar.

Fylkesveg 722 mellom Storesunde og Flo var stengd av seks store ras, og her måtte det omfattande ryddearbeid til før vegen kunne opnast.

Urimeleg at fylket må dekkje det sjølv

Ein reknar med at summen fordeler seg med 40 millionar kroner på riksvegane, og 80 millionar kroner på fylkesvegnettet.

Han meiner det vil vere heilt urimeleg at fylket skal måtte dekkje desse skadane innanfor dei ordinære rammene.

– 80 millionar kroner er ein svært høg sum, og rammene er allereie knappe, og vi veit dei vert ytterlegare knappe i framtida, seier Distad.

Meiner staten har stort ansvar

Han understrekar at fylket ikkje må komme i ein situasjon der fylkeskommunen i Sogn og Fjordane berre har middel til å dekkje og reparere skadar.

– Det er også mange nye samband som skal på plass, og det er berre to år sidan fylket overtok vegane frå staten, så eg meiner staten framleis har eit relativt stort ansvar, seier Distad.

Han meiner fylkesvegane vart overførte til fylket utan at det følgde tilstrekkeleg med middel med.

– Eg tykkjer fylkesvegrammene i Sogn og Fjordane er så knappe at i utgangspunktet meiner eg dei bør gå inn med ein sum som dekkjer det vi har no av skadar, seier Distad.

Meiner kravet er rimeleg

Han meiner dette er på sin plass.

– Vi har få mange andre oppgåver som skal løysast i Sogn og Fjordane på fylkesvegnettet at eg tykkjer å krevje ei ekstraordinær ramme no som svarar til det det er behov for, er ikkje urimeleg, seier Distad.

Han fryktar konsekvensane dersom regjeringa vel å ikkje komme med ekstra middel til fylket.

– Det betyr at ei må utsetje andre investeringar. Det betyr også i framtida at ei i svært liten grad vil ha høve til å satse på nyanlegg i Sogn og Fjordane. Det kan vi ikkje. Vi skal utvikle fylket, byggje ut vegnettet og byggje nye samband, seier Distad.

Har eit enormt etterslep

Han presiserer at det allereie er eit enormt etterslep på vegvedlikehald i fylket.

– Rammene til fylkesvegane bør opp, og i den ekstraordinære situasjonen ein no er i i dag, så er det ein start om statsråden i dag legg desse 80 millionane på bordet, seier Distad.