Hopp til innhold

Arnafjorden fekk att vegsamband

Statens vegvesen vil opne fylkesveg 92 til Arnafjorden i Vik klokka 16.30 onsdag. Det betyr at dei vel 200 innbyggjarane igjen har vegsamband.

Ras sperrar fylkesveg 92 Arnafjorden i Vik

BLIR OPRNA: Vegvesenet har klart å lappe saman vegen til Arnafjorden så pass at dei kan opne den att onsdag ettermiddag.

Foto: Grunde Engan

Eit stort ras har sperra vegen inn til bygda sidan andre juledag. Raset tok med seg store deler av vegen, og då NRK snakka med Vegvesenet tidlegare onsdag trudde dei ikkje at vegen ville kunne opne att i dag.

Men Vegvesenet har no jobba intenst med vegen, og ventar å opne vegen klokka 16.30. Det betyr at innbyggjarane igjen kan bruke bil når dei skal til og frå bygda.

Båtruta som er sett opp mellom Vik og Framfjorden/Nese vil likevel gå som normalt onsdag kveld. Båten går klokka 17 frå Vik og retur klokka 18 frå Framfjorden og Nese, opplyser ordførar Marta Finden Halset til NRK.

Det er fleire andre fylkesvegar som framleis er stengde, og nokre vil det ta lang tid å opne att. Vakthavande ved Vegtrafikksentralen seier dette om siste nytt:

  • Fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll ved Hundsåna: Vegen har vore stengd sidan kvelden 1. juledag, og vil truleg ikkje opne att før til helga. Ein må spyle fjellsida med helikopter før ein kan setje trafikk på vegen.
  • Fylkesveg 55 ved Esebotnen mellom Dragsvik og Balestrand: Her håpar Vegvesenet å kunne opne vegen i løpet av onsdag kveld,
  • Fylkesveg 722 Storesunde – Flo i Stryn – vegen har vore stengd av eit ras sidan tysdag ettermiddag. Vegen vart opna onsdag kveld
  • Fylkesveg 241 Gudvangen - Bakke vart onsdag ettermiddag opna etter å ha vore stengd grunna ras
  • Fylkesveg 242 Skjerdal - Aurlandsvangen er opna att etter å ha vore stengd av ras

Elles er stoda på vegane slik klokka 16.15 onsdag ettermiddag:

  • Riksveg 13 Vikafjellet – stengd grunna oppryddingsarbeid. Blir ikkje opna att onsdag.
  • Riksveg 55 Leikanger–Hella–innsnevring grunna oppryddingsarbeid
  • Fylkesveg 53 Årdalstangen–Fodnes–delvis innsnevra grunna oppryddingsarbeid
  • Fylkesveg 55 Høyanger–Nordeide–stengd i periodar på opp til 30 minutt grunna oppryddingsarbeid
  • Fylkesveg 202 Årdalstangen–Seimsdalen–eitt felt stengd grunna oppryddingsarbeid
  • Fylkesveg 542 Stavang–Kvalvik, ved Eikefjord–innsnevring grunna oppryddingsarbeid
  • Fylkesveg 601 Langhuso- Undredal–stengd grunna steinras- blir ikkje opna att onsdag.
  • Fylkesveg 664 Hornindal-Otterdal–stengd etter at vegen er vaska vekk
  • Fylkesveg 724 Briksdal–Olden–stengd for køyrety med breidde større enn to meter.

SJÅ OPPDATERTE VEGMELDINGAR HER