Hopp til innhold

Vil ikkje tvangsevakuere Otterdal

Etter at uvêret «Dagmar» vaska vekk vegen inn til bygda er dei 13 fastbuande i Ottedal avskorne frå omverda. Førebels vil ikkje innbyggjarane evakuere.

Video d9ec739d-16e8-44b4-aae4-e6b328e779f9.jpg

STENGD: Otterdal i Hornindal er utan vegsamband på fjerde døgnet. Uvêret 'Dagmar' vaska bokstavleg talt vekk nesten to kilometer av den einaste vegen inn til bygda.

Nesten to kilometer med veg er meir eller mindre borte vekk etter at uvêret «Dagmar» fekk herje frå seg natt til 2. juledag. Store nedbørsmengder, flaum og vind førte til store øydeleggingar over eit stort område, og i den vesle bygda Otterdal i Hornindal er dei no heilt utan veg.

Ordførar Anne Britt Øen Nygård hadde helst sett at innbyggjarane let seg evakuere, men til no har ikkje dei som bur i bygda ville gjere dette. Onsdag besøkte kommuneleiinga innbyggjarane.

– Dei har dei bra. Men det er klart, no er det jul, og situasjonen blir nok litt annleis når kvardagen kjem, seier Øen til NRK.no.

Vanskeleg situasjon for kommunen

Vel 1700 meter av vegen inn til den vesle bygda er totalt rasert. Hornindalsvatnet vaks seg stort og frådande, og i stormen som herja vart grunnen vaska vekk. Fleire stader er det nesten ikkje noko att av det som før var den einaste vegen inn til bygda.

Det er 13 fastbuande i Otterdal, 11 av dei har vore heime i jula. Kommunen hadde i går lyst å evakuere dei, men innbyggjarane seier nei. Førebels har det ikkje vore aktuelt med noko tvangsevakuering, men ordføraren vedgår at situasjonen er vanskeleg.

Då dei onsdag var på besøk til innbyggjarane tok dei seg over Hornindalsvatnet med ein RIB-båt, men i styggevêr er det vanskeleg.

– Det er ikkje alltid like enkelt å kome seg fram til bygda. Når det er uroleg på vatnet er det ikkje like lett å ta seg fram med båt. Og å ta seg inn langs vegen er nesten umogleg når det er mørkt, seier Øen Nygård.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vegen til Otterdal/Otterdalsstranda

KAN BLI UTAN VEG LENGE: Det er ikkje gjort over natta å fikse opp att vegen langs Otterdalsstranda.

Foto: NRK

Har ikkje lyst å tvangsevakuere innbyggjarane

Det er ingen som kan gje noko godt svar på kor tid vegen kan opne att. Det er slett ikkje berre-berre å lappe den saman, for her må det langt meir enn nokre lass med asfalt for å få vegen tilbake.

Truleg vil det gå fleire månader før vegen er farbar, og dersom vatnet frys på vil båtskyss ikkje lenger vere ei løysing for innbyggjarane.

– Vi er nøydde til å sjå an situasjonen etter kvart, seier ordføraren.

– Kan det bli aktuelt med tvangsevakuering?

– Vi har ikkje noko lyst å tvinge dei til å flytte derifrå. Eg håpar vi kan kome fram til ei løysing som er god for alle, seier Øen Nygård til NRK.no.

Håpar å få bygd tunnel

Framleis er dei som bur i Otterdal utan straum, og det er uvisst kor tid dei kan få den att. Det er berre mobildekning på eit spesielt punkt, men i tillegg kommuniserer innbyggjarane med andre i kommunen via ein jaktradio.

Torsdag skal kommunen ha møte med fylkesmannen og fylkesberedskapssjefen om situasjonen. Ordføraren er også spent på kva Vegvesenet kjem fram til når det gjeld vegen.

– Eg har ikkje sjølv veldig god tru på at det er noko god løysing å lappe saman vegen. Då vil det vere like farleg der i forhold til ras og flaum, seier Øen Nygård og legg til:

– Aller helst skulle eg ønske at vi fekk på plass ein tunnel.

I sin heilt nye rassikringsplan har Vegvesenet sagt at nettopp Otterdalsstranda, der vegen no er vekke, er blant dei mest rasutsette fylkesvegane i Sogn og Fjordane. Dei meiner at vegen bør sikrast med ein tunnel og trur denne vil koste over 200 millionar.