Hopp til innhold

Krasja i pumpehus ved E39

Ein mann er teken med av ambulanse etter ei trafikkulukke på Bruland i Førde.

Trafikkulukke ved Bruland i Førde

RYKTE UT: Politi, ambulanse og brannvesen rykte ut til trafikkulukka ved Bruland i Førde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ulukka vart meldt like før klokka 12-tida fredag. Ulukka skjedde på ein gangveg ved sidan av E39. Bilen skal ha krasja i eit kommunalt pumpehus.

I bilen sat to menn i 50- og 70-åra. Passasjeren kom uskadd frå ulukka.

Krasja i pumpehus ved E39

SMADRA: Bilen krasja i dette pumpehuset.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er tale om eit einsleg køyretøy som har køyrt av vegen, opplyser Marianne Føleide ved Vest Politidistrikt i Florø.

NRK sin reporter på staden opplyser at det er lange køar som følgje av ulukka, som skjedde like vest for Bunnpris.

Politiførstebetjent Joachim Malterud ved Førde og Naustdal lensmannskontor er innsatsleiar på staden.

– Bilen var på veg sørover på E39, då den av ukjend årsak kryssa motgåande felt og over ein gang- og sykkelveg før den stogga i fjellveggen. Før stogga i fjellet, trefte den også eit pumpehus tilhøyrande Førde kommune, seier han.

– Veit du korleis det har gått med føraren?

– Føraren er køyrd til sjukehus for kontroll, men det ser ut til å ha gått bra.