Hopp til innhold

Kranglar om kystkommunen

Varaordføraren i Vågsøy legg breisida til mot Kinn kommune, men ordførarane i Vågsøy og Flora meiner han tek feil.

Nils Myklebust

KRITISK: Nils Myklebust fryktar ein kjempesmell for næringslivet og kommunen, men møter motbør frå andre.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er store kostnadar vi snakkar om, det vil truleg gå utover arbeidsplassar. Vi har blitt tuta øyra fulle av at vi får så mykje meir pengar, men alle desse pengane er vekk med dette her, seier Nils Myklebust (Sp).

Varaordførar i Vågsøy Nils Myklebust kranglar om Kinn kommune med ordførarane i Flora og Vågsøy.

Vågsøy kommune har i dag lågare arbeidsgjevaravgift enn Flora. Også eigedomsskattenivået er lågare. Myklebust meiner Vågsøy kommune vil tape 10 millionar kroner, og at næringslivet kan få ein tilsvarande smell i auka arbeidsgjevaravgift frå 2021.

Fredag kom ein rapport frå Telemarksforsking som også peikar på at dette kan skje.

– Eg etterlyste dette fleire gonger i kommunestyret, men fekk beskjed om dette ikkje var noko problem. No er tala komne fram, seier Myklebust.

– Gjentakande feilinformasjon

Og i lokalavisene kjem lesarinnlegga, både frå Myklebust men også frå Ap-ordførarane Kristin Maurstad i Vågsøy, og Flora-ordførar Ola Teigen. I eit innlegg i Fjordenes Tidende skriv dei at Myklebust kjem med gjentakande feilinformasjon.

Ola Teigen meiner det er uklart korleis avgifta vil slå ut for Kinn. Arbeidsgjevaravgifta skal gjennomgåast av ESA og nye satsar skal på plass i 2021.

Teigen ser ikkje vekk frå at det heller blir Flora som går ned på Vågsøy kommune sitt nivå.

– Det kan det like gjerne bli, i så fall vil eit stort næringsliv i Flora hauste ein stor gevinst, så eg trur at Myklebust må sjå at her er store moglegheiter for Kinn kommune. Eg er roleg med tanke på arbeidsgjevaravgifta.

Kristin Maurstad og Ola Teigen markering for Kinn kommune

MARKERING: Kristin Maurstad og Ola Teigen (begge Ap) markerte Kinn kommune forrige veke.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Frykta er overdramatisert

Myklebust fryktar også auke i eigedomsskatten, som er høgare i Flora. Men Teigen peikar på at dei kommunale avgiftene er lågare, og at skilnaden samla sett er på berre nokre hundrelappar i året.

– Frykta er overdramatisert. Skilnaden mellom Vågsøy og Flora er på 300 kroner i året, om Myklebust meiner dette er eit stort gap, er eg usamd i det, smiler Teigen.

Kinn kommune vart vedteken av kommunestyret i Vågsøy trass i at fleirtalet sa nei i ei innbyggarundersøking.

– Dette er eit beklageleg hastverksarbeid. Ein burde tatt seg betre tid og analysert følgjene. Her kan vere plussar òg, men her har ikkje vore vilje til å sjå på dei negative konsekvensane, og det kritiserer eg, seier varaordføraren.

Utsikt over Måløy sentrum

MÅLØY: Frå 1. januar 2020 er Vågsøy og Flora blitt til kystkommunen Kinn.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Startar arbeidet tysdag

Komande tysdag er det fyrste møte i fellesnemnda for Kinn kommune, der skal politikarane framover ta vanskelege diskusjonar om kommunen sine oppgåver. Men Teigen fryktar ikkje at møta skal bli prega av kritikk og misnøye.

– Vedtaket er fatta, no må ein snart byrje å jobbe for kommunen sitt beste, seier Teigen.

Kinn kommune