Hopp til innhold

Statnett har ikkje teke stilling til om dei vil anke – store mengder arbeid er lagt i grus

Arbeidet med den omstridde kraftlinja mellom Fardal og Ørskog kjem til å bli forseinka når Statnett ikkje får leggje kraftlinja gjennom Myklebustdalen. Eit arbeid dei allereie er godt i gong med.

Myklebustdalen i Ålfoten i Bremanger

STOPPAR OPP: Arbeidet i Myklebustdalen i Ålfoten i Bremanger vert no stoppa opp. Statnett har ikkje bestemt seg om dei skal anke.

Foto: Hilde Myklebust

– Vi veit enda ikkje om vi kjem til å anke. Ankefristen går ikkje ut før i september, så det har vi ikkje teke stilling til enda. Det seier kommunikasjonsdirektør i Statnett, Kristian Pladsen.

Før helga vart det kjend at Statnett ikkje får leggje kraftlinje gjennom Myklebustdalen i Ålfoten i Bremanger. Dermed vann grunneigarane fram i Gulating lagmannsrett etter å ha kjempa hardt for å unngå kraftlinja mellom Ørskog og Fardal på denne traseen.

– Etter denne rettkjenninga vil heile prosjektet Ørskog-Fardal bli forseinka. seier Pladsen. Men han kan ikkje seie noko om kor mykje forseinka det er snakk om.

Midt-Norge må vente enda lenger

I september vann Statnett ei rettssak i Fjordane Tingrett. Men grunneigarane anka. Statnett har gjennom tidlegare vedtak og rettsprosessar fått godkjenning til å byrje arbeidet i Myklebustdalen, gjennom ei sokalla førehandtiltreding.

Statnett er no avhengig av å få ein gyldig konsesjon for å kunne ta opp att arbeidet.

– Linja er avgjerande for at vi skal få ei akseptabel forsyning inn til Midt-Norge i åra som kjem. I dag har vi reservekraftverk i beredskap der oppe, men kva det vil seie på lang sikt for sluttføring av prosjektet må vi likevel jobbe litt meir med dei neste dagane. Det har vore ein utsett situasjon i Midt-Norge i mange år, så dette vil bidra til ei forlegning av ein situasjon vi ikkje meiner er god nok. Så det er ingen tvil om at det er viktig at denne linja kjem på plass så fort som mogleg, forklarar Pladsen.

Stoppar opp omfattande arbeid

I Myklebustdalen har det pågått arbeid sidan oktober i fjor og mykje er allereie gjort.

– Vi har laga rundt halvparten av fundamenta i samband med leidningstraseen. Det går føre seg allereie reising av master i ein del av traseen, og vi har gjort ein stor del av grunnarbeidet ferdig på transformatorstasjonen i Ålfoten, fortel kommunikasjonsdirektøren.

Til no har det vore 70–80 mann som har jobba på traseen. Statnett har no sett i gong arbeid for å få lagt ned det pågåande arbeidet.

– Vi stoppar jo opp no, og det er ein god del maskiner og anna utstyr som vil bli teke vekk. Så det er ganske omfattande arbeid som blir stoppa, seier Pladsen.

Ventar på klarsignal

Olje- og energidepartementet er orientert om domen og Statnett ventar no på kva som vil skje framover.

– Vi må ha ein gyldig konsesjon for å kunne ta opp att arbeidet. Så lenge vi ikkje har det kan vi ikkje arbeide, seier Pladsen.

Kor mykje arbeidet vert forseinka som følgje av rettkjenninga er enda usikkert.

– Prosjektet er omfattande og ganske komplisert. Det er ganske mykje arbeid som går føre seg mange stader parallelt. Dei ulike tinge vi gjer henger saman. Så før vi veit noko meir er det vanskeleg å spekulere i kor mykje den forseinkinga vil bli, forklarar Pladsen.