Kraftig vind og snøfokk skapar trøbbel på fjellovergangane i dag

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel om vanskelege køyreforhold i fjellet i Sør-Norge grunna kraftig vind, snø og snøfokk.

Inga passering på Vikafjellet fredag føremiddag.

UVÊR: På Vikafjellet er det kolonnekøyring på grunn av det dårlege vêret.

Foto: webkamera / Statens vegvesen

Varselet ber også bod om stigande temperaturar fredag kveld, og sludd og regn under 800–1000 meter.

Fleire stader i landet skapar vêret trøbbel, og på fjellovergangane er det utfordringar som følgje av vêret.

  • E6 Dovrefjell: Snø- og isdekke.
  • E16 Filefjell: Snø- og isdekke.
  • E134 Haukelifjell: Snø- og isdekke.
  • Riksveg 7 Hardangervidda: Snø- og isdekke.
  • Riksveg 9 Hovden-Haukeli: Snø- og isdekke.
  • Riksveg 13 over Vikafjellet: Kolonnekøyring på grunn av uvêr.
  • Riksveg 15 Strynefjellet: Vekslande snø- og isdekke, fare for glatte parti og fare for elg.
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke.
  • Fylkesveg 50 Hol – Aurland: Snø- og isdekke, redusert sikt nokre stader.
  • Fylkesveg 53 Tyin-Årdal: Kan bli stengt i periodar på opptil to timar grunna oppryddingsarbeid.