Hopp til innhold

Dei borgarlege tapar i Erna sitt rike

Dei borgarlege partia slit kraftig i Vestland. Det kan bli Ap og Sp som kjempar om fylkesordførarvervet.

Erna Solberg og Herman Friele i Bergen

SLIT I HEIMTRAKTENE: Erna Solberg slit i heimtraktene syner fleire meiningsmålingar.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Samanlikna med valet for fire år sidan går dei fire regjeringspartia samla tilbake med 13 prosent viser ei ny meiningsmåling for Vestland fylke.

Høgre får 15,1 prosent oppslutnad, ein tilbakegang på 5,1 sidan valet i 2015.

– Det er vi sjølvsagt ikkje nøgde med, seier Tom Georg Indrevik, fylkesleiar i Høgre.

Høgre strevar tungt i nye Vestland fylke. Samstundes slit også Ap, medan Miljøpartiet Dei Grøne og Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB) vil bli godt representert i fylkestinget.

Indrevik seier viktigaste målinga uansett er valdagen.

– Vi kan ikkje legge så mykje vekt på meiningsmålingar, seier Indrevik.

1000 personar er intervjua av Sentio Research for NRK og avisene i Sogn. Alle er spurt om partipreferanse i samband med kommunevalet. Dette kan skape større feilmarginar når det gjeld den reelle oppslutninga i fylkestingsvalet.

Partibarometer Vestland fylke 2019

Periode 12/8–16/8. 1000 intervjuer. Feilmarginer fra 1,9–3,1 pp.
R
4,0 %
+2,6
SV
7,7 %
+2,5
AP
23,3 %
−8,7
SP
11,5 %
+1,3
MDG
9,8 %
+5,6
KRF
4,7 %
−2,7
V
4,2 %
−1,8
H
15,1 %
−5,1
FRP
6,0 %
−3,4
FNB
9,9 %
+9,9
Andre
3,7 %
−0,2
Kilde: Sentio Research AS - Referansetala er valresultatet i Hordaland og SFJ i 2015 slått saman

Går ned med 8,7 prosent – kallar det likevel for knallmåling

Arbeidarpartiet får 23.3 prosent oppslutning i partibarometeret. Det er ein nedgang på 8,7 prosent sidan valet for fire år sidan.

Men fylkesordførarkandidat Anne Gine Hestetun (Ap) meiner likevel målinga er god.

– Fyrst vil eg seie at dette er ei knallmåling for oss i Ap. Det er utruleg kjekt at vi er det største partiet, seier Hestetun

Korleis kan du kalle det for knallmåling når de går ned samla med 8,7 prosent sidan førre val?

– Vi gjorde eit kjempeval i Hordaland i førre omgang, og det er mange grunnar til det som det blir for langt å gå inn på her. Eg konstaterer at i vestlandssamanheng er dette ei god måling for oss, med gode marginar til neste parti.

Anne Gine Hestetun

NEDTUR: Ap går kraftig ned samanlikna med oppslutninga i Vestland i 2015.

Foto: Eivind Fondenes / NRK

Ap ligg i målinga an til 15 representantar på fylkestinget. Det trengst 33 for fleirtal.

– Det er mange alternativ her som kan gi oss eit godt styringsfleirtal. Vi kan samarbeide med alle utanom Høgre, Frp og bompengepartiet, seier Hestetun.

Mandatfordeling om målinga var valet

Grafikken viser mandatfordelinga mellom partia dersom dette hadde vore ei fylkestingsmåling. Den nedste linja står i null, då fylkestinget i Vestland tidlegare ikkje har eksistert.

PARTI
ENDRING

Ap

15
0}

Frp

4
0}

H

10
0}

KrF

3
0}

Raudt

3
0}

Sp

8
0}

SV

5
0}

V

3
0}

MDG

7
0}

FNB

7
0}
Sentio Research AS - Referansetala er valresultatet i Hordaland og SFJ i 2015 slått saman

MDG og bompengepartiet stormar fram

Miljøpartiet Dei Grøne, og Folkeaksjonen Nei til meir bompengar kan få 7 representantar kvar i fylkestinget.

MDG sin fyrstekandidat Natalia Golis jublar for 9,8 prosent.

– Det må eg seie er heilt fantastisk.

Golis veit at partiet kan kome til å avgjere kven som styrer Vestland fylkeskommune.

– Vi er blokkuavhengige, sjølv om det er nokon parti det er meir utfordrande å samarbeide med andre. Vi ser fram til å samarbeide og kome i posisjon.

Natalia Golis

JUBLAR: MDG sin fylkesordførarkandidat Natalia Golis

Foto: Ingfrid Hole Fossåskaret / NRK

Med MDG i posisjon skal Vestland vekk frå den kjempestore olje- og gassnæringa.

– Vi skal omstille ein heil region vekk frå olje og gass, og dei nye arbeidsplassane må kome raskt, seier toppkandidaten.

– Høgresida langt unna makta

NRK sin politiske kommentator, Sølve Rydland, trur det ut frå målinga skal mykje til før høgresida klarar å vinne tilbake Vestlandet.

– Sjølv om Ap taper stort, så tapar dei stort sett til andre raudgrøne parti. Dermed vert vegen for Høge og Frp veldig lang, seier Rydland.

Ut frå målinga ser Rydland det som truleg at anten Ap eller Sp får fylkesordføraren.

Sølve Rydland

Redaksjonssjef i NRK Sølve Rydland kommenterer valet i Vestland.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Ap ser ut til å vere største parti, men det ser ut som dei på ein eller annan måte vil trenge Sp for å få fleirtal. Det kan gjere at Senterpartiet sin kandidat Jon Askeland vert fylkesordførar. Han vil ha veldig gode kort på handa, om høgresida skal ha noko sjanse er dei nemleg heilt avhengige av han.

Rydland trur det blir vanskeleg for MDG å samarbeide med Frp.

– Målinga er slik at Høgre og Frp vil trenge både Sp og MDG på si side for å stable på beina eit fleirtal.

To veker lang innspurt

For fylkespolitikarane blir det hardt arbeid dei neste to vekene fram mot valet. Toppkandidatane vil møte så mange veljarar som mogleg:

– Når vi er ferdige på kvelden den 9. september skal vi legge oss å vite at vi gjorde alt som stod i vår makt, seier Hestetun.