Hopp til innhold

Køyrde fast vogntog – ut kom ein sjanglande sjåfør

Vogntoget hamna i eit privat oppkøyrsel. Ut kom sjåføren så rusa at han sleit med å stå på beina.

Vogntoget i privat oppkøyrsel

FEKK BESØK AV SJANGLANDE SJÅFØR: Her ved Steinklepp fekk nokre personar eit overraskande besøk av eit vogntog.

Foto: NRK-TIPSAR

– Her er det snakk om ganske høg promille. Sjåføren var overstadig rusa, seier operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Florø, Ole Tom Nord.

Den uoffisielle blåseprøva synte 1,78 i promille. Turen bak rattet enda brått for den utanlandske vogntogsjåføren.

– Vi blei ringt opp av nokre personar som regelrett hadde fått dette vogntoget inn i sin private oppkøyrsel, seier Nord.

Det var ved Steinklepp i Lærdal at ein huseigar fekk uønskt besøk av eit vogntog.

– Vogntogsjåføren rygga ned eit gjerde og ein mur. Innringar fekk ikkje ein dialog med denne mannen, og oppfatta han som klart rusa. Vi sende difor ut ein patrulje, seier Nord.

Innringaren hadde merka seg at den utanlandske sjåføren sjangla og sleit med balansen.

– Politiet kom til staden og merka seg det same. Mannen blåste raudt og er no tatt med til Lærdal for å bli tatt blodprøve av.

Laster Twitter-innhold

– Han stod på beina i periodar, men balansen var alt anna enn god, seier Nord.

Neste steg er å få nokon som kan fjerne vogntoget etter at politiet tok nøklane frå mannen. Den utanlandske vogntogsjåføren kan truleg vente seg ein kraftig reaksjon, meiner Nord.

– Det her kan bety vilkårslaus fengsel for vedkommande og at han kan bli kasta ut av landet.