Då riksveg 15 vart opna i føremiddag, hadde den vore stengt sidan 2. januar.
Marknadssjef Svein Arne Vik i Nordfjord og Sunnmøre Billag ser med uro på den hyppige stenginga av vegen over Strynefjellet.
- Det øydelegg økonomien og skaper uvisse, seier Vik.
Dei økonomiske tapa kjem mellom anna av omkøyringar og tap av passasjerar.
Stenger for lett
Vegen har vore stengd på grunn av rasfare i mange periodar denne vinteren, og Vik har inntrykk av at det vert stengd for ofte.
- Terskelen for å stenge Strynefjellet har vorte endra. Vi får tilbakemeldingar frå folk som undrar på kvifor vegen er stengd når det er fint inne på fjellet.
No vil billaget ha eit møte med Statens Vegvesen for å ta opp situasjonen.