Sol, sommar og ski både bortover og nedover. I fjellområda i Sør-Noreg ligg det an til at årets sesong vil strekke seg langt lenger enn vanleg.
– Vi har så store mengder med snø at vi har vore nøydd for å brøyte under stolane på heisen. Eg trur det blir ein knakande bra sesong, seier dagleg leiar i Stryn sommerski, Nina Lensebakken.
Men for dei er også dei store snømengdene ei stor utfordring. Dei er avhengige av at Statens vegvesen får brøyta opp gamle Strynefjellsvegen. Førebels er det for farleg.
– Tryggleiken kjem først og vi er avhengige av at folk kjem seg opp til oss på ein sikker måte, seier Lensebakken.
Etter planen skulle senteret ha vore opna 29. mai, men når det skjer er no heilt opp til vêrgudane og Statens vegvesen.
SNØIDYLL: På Folgefonna i Hardanger reknar dei med å kunne halde sommarskisenteret ope heile sommaren.
Foto: Micael IversenKan bli ut september
Lenger sør på Vestlandet har skisenteret på Folgefonna halde ope dei siste to vekene, men også der har dei så mykje snø at sesongen vil vare lenge.
– Vi ser føre oss at sesongen blir ganske lang. Vi har brøyteavtale med kommunen ut september, så dette kan bli veldig bra, seier dagleg leiar Micael Iversen.
På Galdhøpiggen skisenter i Bøverdalen i Lom, hadde dei første opningsdag måndag. Dei også har stor tru på ein svært god sesong.
- Les også:
- Les også:
KNALLFORHOLD: På Sognefjellet jobbar dei no intenst med å gjere løypene klare for langrennsløparane.
Foto: Sognefjellet sommerskisenterLangrennsløypene snart klare
Lenger oppe på Sognefjellet, satsar sommarskisenteret der på å opne langrennsløypene i pinsehelga rundt 28. mai.
– Vi køyrer no intenst med trakkemaskinene for å gjere alt klart til skiløparane kjem, seier Ove Fortun til NRK.
På grunn av koronaen blir det ein annleis sesong der også, men snøforholda kjem til å vere gode igjennom sommaren, meiner han.
– For oss er det jo viktig at det er mykje snø på flatmark, og vi har målt snødjupna til nær fire meter. Det lovar godt, seier Fortun.
MYKJE SNØ: Sommarskisentera i Sør-Noreg går imot ein svært god sesong, som til dømes her på Juvass under Galdhøpiggen.
Foto: Galdhøpiggen skisenter