Norsk Countrytreff er over for i år og køntripublikummet har byrja å pakke saman for å komme seg heim att.
– Vi smiler heilt rundt. Vi hadde ein fantastisk dag på torsdag, besøksrekord på fredag, og glade folk trass i vêret i går, seier dagleg leiar for festivalen, Arve Kleppe.
Fredag var den store dagen på festivalen og Kleppe har aldri sett så mykje folk inne på arenaen som på fredag.
Festivalleiinga har ikkje god nok oversikt enno til å gå ut med tal på kor mange som var der fredag, og heller ikkje kor mange som har besøkt festivalen, men trass i at det var meldt kraftig regn laurdag er Kleppe imponert over besøkstalet.
– Det var forbausande godt med folk i går, sjølv om det regna. Og folk var blide og nøgde, det har vore heilt suverent, seier han.
Han seier at køntripublikumet er drevne camparar som riggar seg til etter forholda, og det vart viktig i helga.
- Les også:
- Les også:
- Les også: