Hopp til innhold

Kongevegen kan få heiderspris

Kongevegen har fått kulturminnepris, men no har ordførarane i Lærdal og Vang trua på å håve inn enda fleire prisar for attraksjonen.

Kongevegen over Filefjell

PRISVINNAR: Attraksjonen over Filefjell har blitt lagt merke til og har vunne EU-kommisjonen og Europa Nostra sin kulturminnepris.

Foto: Sverre Hjørnevik

– Vi har fått ei god magekjensle på at det er noko spesielt med vegen vi har restaurert. Den gjer noko med folk, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim (Sp).

Eit følge på 14 personar har teke turen til Turku i Finland for å ta imot EU-kommisjonen og Europa Nostra sin kulturminnepris 2017 for bevaring av Kongevegen over Filefjell.

Kan få fleire prisar

Dei to ordførarane har fått trua på at dei kan få med seg fleire prisar etter at alle prosjekta er blitt presentert i Turku i helga. Måndag har dei sjansen til å vinne både publikumsprisen og ein Grand Prix-pris som er heidersprisen.

– Å få kulturminneprisen er utruleg stort. Om vi hadde fått fleire prisar hadde det berre vore prikken over I-en, men vi har ei god kjensle, seier ordførar Vidar Eltun (Ap) i Vang.

Solheim og Eltun fortel om ein enorm respons og stor interesse rundt kongevegen. Etter presentasjonane sit dei att med inntrykket av at dei kan vere favorittar til å ta heim æresprisen og publikumsprisen.

– Då prosjektleiar, Jan Adriansen han hadde lagt fram presentasjonen av kongevegen og vist video, gjekk det eit sus gjennom salen. Den applausen vi fekk var øyredøyvande, seier Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim.

Stor konkurranse

Kulturminneprisen er tidlegare gått til blant anna Stonehenge i England og kjente teater og katedralar.

– Vi er audmjuke og imponerte over kor stort dette eigentleg er. Det er nesten utruleg at vi har ein veg som er i denne divisjonen, seier Jan Geir Solheim.

Konkurransen for heidersprisen er også hard og dei står opp mot kloster og andre attraksjonar rundt om i heile Europa.

– Vi kryssar fingrane no, og gler oss veldig, seier Solheim.