Hopp til innhold

Kongevegen over Filefjell har fått EU sin kulturminnepris

EU-kommisjonen sin kulturminnepris innan bevaring går i år til Norge og prosjektet «Kongevegen over Filefjell».

Kongevegen over Filefjell

VINDHELLA: I 2015 fekk kongevegen «Vakre vegars pris». No melder EU-kommisjonen at dei gjev vegen «Europa Nostra pris».

Foto: Sverre Hjørnevik

Klokka 12 annonserte EU-kommisjonen og Europa Nostra at vinnaren av kategori «bevaring» er prosjektet «Kongevegen over Filefjell».

Det er sjeldan at eit vegprosjekt vinnar EU sin kulturminnepris. Prisen er rekna blant dei mest høgthengande kulturminneprisane i Europa.

Tidlegare har den gått til kjende kulturminne som Stonehenge i England, romerske teater i Italia, kjente katedralar og greske palass.

«EU Prize for Cultural Heritage/Europa Nostra Award» har i år 29 prisvinnarar frå 18 land i kategoriane bevaring, forsking, spesiell innsats og utdanning, trening og bevisstgjering.

Norsk Fyrhistorisk Forening får pris i «spesiell innsats» for bevaring av norske fyrstasjonar.

Kongevegen over Filefjell, Terje Gustavsen

OPNINGA: Vegdirektør Terje Gustavsen (midten) opna Kongevegen i Lærdal 27. august i fjor. Frå venstre fylkesordførar Jenny Følling, ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal, ordførar Vidar Eltun i Vang og fylkesordførar Even Aleksander Hagen i Oppland.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Første køyrevegen

Kongevegen over Filefjell var den første køyrevegen mellom Austlandet og Vestlandet. Den vart bygd for hest og kjerre på slutten av 1700-talet.

I 2009 starta Statens vegvesen eit prosjekt for å reetablere vegstrekninga mellom Lærdalsøyri og Valdres som ein kulturhistorisk vandreveg.

Prisen haustar jubel i Sogn og Fjordane og Oppland.

– Dette er overveldande. Eg er stolt og glad over at Kongevegen har fått denne utmerkinga etter mange år med å restaurere den. Dette er kulturminnenes Oscar-pris. Det betyr mykje nasjonal og internasjonal merksemd, seier fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane.

Kongevegen over Filefjell, historisk bryllup

OPNINGA: Frå opninga av Kongevegen over Filefjell 27. august 2016.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Fantastisk

– Dette er fantastisk og ei utruleg ære. Europa Nostra går til dei flottaste restaureringsprosjekta i Europa. Dette betyr mange besøkande til området, seier prosjektleiar Jan Adriansen.

– No er eg veldig glad for at vi prioriterte ein god søknad. Og eg er veldig, veldig glad for at det er i Lærdal og Vang denne vegen ligg. Det gjev oss store moglegheiter. Vi er no i Champions League når det gjeld kulturminne, seier ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal.

Kongevegen over Filefjell

OPNINGA: Frå det historiske bryllaupet i Borgund stavkyrkje under opninga 27. august 2016.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Vi skjønar kanskje ikkje kor stort dette er. Det er inspirerande for den jobben vi har gjort og den jobben vi skal gjere. Samarbeidet har vore konstruktivt, seier ordførar Vidar Eltun i Vang.

Også frå Europa kjem gratulasjonane.

– Eg sender mine varmaste gratulasjonar og respekt til dei som har oppnådd dette. Kongevegen er no medlem av ei gruppe på cirka 450 prosjekt som dei siste 15 åra har fått prisar frå Europa Nostra, seier Plácido Domingo, operasongar og president i Europa Nostra, i ei pressemelding.

Jan Adriansen, Prosjektleiar Kongevegen over Filefjell

EI ÆRE: Jan Adriansen har leia kongevegprosjektet sidan 2009.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Seremoni i Finland

– Dette viser korleis mange europearar er engasjert i å beskytte og bevare kulturarven, og kva tydning kulturarv har, seier EU-kommissær Tibor Navracsics, i same meldinga.

Prisutdelinga vil skje i St. Michaelkyrkja i Turku i Finland 15. mai. Med delegasjonen frå Norge vil den europeiske prisutdelingsseremonien samle nær 1.200 deltakarar.

På Internett kan folk frå heile verda stemme fram sin favoritt til publikumsprisen blant vinnarane.

Restaurering Kongevegen over Filefjell

SHERPAER: Frå restaureringsarbeidet på Kongevegen i 2016.

Foto: Jan Adriansen