Hopp til innhold

Kommunane må gje meir pengar til vedlikehald av skular

Meir pengar til vedlikehald og mindre satsing på nybygg. Slik kan ein best betre inneklimaet på skulane og spare pengar.

Krafttak for vedlikehald

JA TIL VEDLIKEHALD: Med kvar sine føredrag, er dei med på å utføre eit krafttak. Jan Vilhelm Bakke frå Arbeidstilsynet, Elisabeth Solheim frå Folkehelseavdelinga i Flora og Finn Martinsen frå Helsedirektoratet oppfordrar kommunane om å bruke meir pengar til vedlikehald. Det kostar ikkje meir enn å bygge nytt, meiner dei.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

– Å bygge nytt treng ikkje hjelpe korkje for undervisingskvaliteten, arbeidsmiljøet eller økonomien, seier overlege i Arbeidstilsynet, Jan Vilhelm Bakke.

Han var ein av mange føredragshaldarar under konferansen «Krafttak for eit betre arbeidsmiljø for elevane» på Skei denne veka.

Og der var konklusjonen klar: vedlikehald av kommunale bygg må høgare opp på prioriteringslista.

Må hugse å «skifte olje»

– Kvart fjerde år kjem nye personar inn i kommunepolitikken. Dei går til val på sine hjartesaker, og vel å bruke ressursar på å finne pengar til desse nye prosjekta, heller enn å vedlikehalde eksisterande bygg, fortel Finn Martinsen frå Helsedirektoratet.

– Det er ikkje så kult å gå til val på å bruke mykje pengar til vedlikehald. Men kommunane må ikkje «gløyme å skifte olje»., legg Bakke til.

Han syner til Eikelandutvalget som i 2005 kom med ein rapport som synte at 90 prosent av kommunalt tilsette synest vedlikehald var smart. Samstundes svarar like mange at dei ikkje gjer noko med det.

Konferanse om krafttak for arbeidsmiljø for elevane

KRAFTTAK: For å gje elevar eit betre arbeidsmiljø, må ein ha eit godt inneklima. Under konferansen på Skei vart kommunane oppfordra til å ta betre vare på eksisterande skulebygg. Her under innleiinga til Finn Martinsen frå Helsedirektoratet.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

Skortar på gjennomføring

Halvparten av norske skular slit med fukt, råte eller mugg. Av desse er fleire av dei her i fylket.

75 prosent av skulane som i 2013 hadde tilsyn her i fylket, rapporterte om avvik frå krav til inneklima.

Statistikkane syner at kommunane i her fylket er gode på å gjennomføre vedtak knytt til inneklima, men det skortar på gjennomføringa. Der ligg Sogn og Fjordane eit godt stykke under gjennomsnittet.

– Me håpar det blir sett i gong tiltak som betrar dette. Men det er viktig å påpeike at desse avvika er av ulik alvorlegheitsgrad, seier Finn Martinsen frå Helsedirektoratet.

Uklart kven som har ansvar

rådmann i Hornindal Ann Kristin Langeland ved Krafttakkonferanse på Skei

IKKJE PRIORITERT: – Det er ingen tvil om at det er eit etterslep på kommunale bygg når det gjeldt vedlikehald. Eg trur det gjeldt for heile landet, seier rådmann i Hornindal Ann Kristin Langeland.

Men kven sit på ansvaret? Folkehelselova frå 2012 flytta ansvaret frå helsesektoren i kommunane og til rådmannen.

– Eg er usikker på kva denne endringa inneber. Eg håpar å lære meir på denne konferansen om kor ansvaret ligg og kva vi kan gjere, seier rådmann i Hornindal Ann Kristin Langeland.

Ho var den einaste rådmannen til stades på konferansen. Langeland innrømmer at vedlikehald av kommunale bygg er lite prioritert, noko ho trur også gjeldt for fleire av kommunane i fylket.

Eg har inntrykk av at det er meir lønsamt å bygge nytt, enn å rehabilitere gamle bygg

Ann Kristin Langeland, rådmann i Hornindal

Kommunane tek feil

Og det er inntrykket hjå dei fleste av landets kommunar.

Dette vil derimot ikkje Bakke seie seg einig til. Under konferansen vart det trekt fram fleire forskingsrapportar som syner lågare utgifter ved vedlikehald, samanlikne med å bygge nytt.

– Ei utfordring ligg i at kommunen ikkje treng å føre opp verdien til sine bygg, i motsetnad til private aktørar. Derfor har ikkje forfall av bygg nokon konsekvensar for rekneskapen. Dette fører til mangel på vedlikehald, fortel Bakke.