Hopp til innhold

Klissvåt september sørga for mange nye rekordar

Det har vore kliss, klass vått på Vestlandet i september. Ei rekkje målestasjonar melder om nye nedbørsrekordar.

Regn Førde

VÅTT: Det har vore vått på Vestlandet i september. Dette biletet er frå Førde.

Foto: TONE LIN STØFRING SKOVRO / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi ser fleire ganske solide rekordar no i september, som er betydeleg meir enn dei tidlegare rekordane, seier Lilian Kalve ved Meteorologisk institutt.

I Hornindal i Nordfjord kom det til dømes 500.9 millimeter med nedbør i løpet av september. Der har dei hatt ein målestasjon sidan 1895, og den førre rekorden var 441.3 millimeter, som kom i september 1917.

– Vi ser jo veldig tydeleg at det kjem meir nedbør enn tidlegare, og det skjer fordi det blir mildare, seier Kalve.

Trur på endå meir nedbør

Ho fortel at varm luft kan halde på meir regn enn kald luft, og at klimaforandringane og eit varmare klima difor fører til meir regn.

– Vi ser og at det no kjem kraftigare nedbør, seier Kalve.

Meteorologane lagar også framskrivingar av kor mykje nedbør dei trur det vil vere i framtida. Her kan ein sjå at det er mykje som tyder på at det kjem til å bli endå meir nedbør i åra som kjem.

– Og difor er det så fantastisk at vi har desse gamle målestasjonane som går veldig langt tilbake. Det er veldig viktig at desse blir teke vare på, seier Kalve.

Slo gamal rekord

Jakob Myklebust

MÅLAR: Kvar dag klokka 8 måler Jakob Myklebust kor mykje nedbør som har kome.

Foto: Håvard Heggen / NRK

I Myklebustdalen på Breim har dei slått ein over 100 år gamal rekord. Der har familien til Jakob Myklebust gjort nedbørsmålingar i fleire generasjonar.

Den pensjonerte bonden må kvar dag finne ut kor mykje regn som har ausa ned på heimplassen, og september har vore spesielt våt.

– Vi har ikkje hatt så mykje nedbør i september sidan 1917. Då var det 470 mm, og det var rekorden inntil i år då vi målte 496,1 millimeter, seier han.

Her har det kome nye nedbørsrekordar i september

Sørebø i Høyanger – 458.9 millimeter nedbør

Modalen – 679.2 millimeter nedbør

Ortnevik i Høyanger – 378.8 millimeter nedbør

Eksingedalen – 615.4 millimeter nedbør

Vangsnes i Vik – 319.5 millimeter nedbør

Jordalen – 500.9 millimeter nedbør

Mjølfjell – 402.2 millimeter nedbør

Aurland – 179.1 millimeter nedbør

Vossevangen – 290.8 millimeter nedbør

Maristova – 183.9 millimeter nedbør

Øvstedal – 827.5 millimeter nedbør

Filefjell – 141.6 millimeter nedbør

Bergen, Florida – 520.3 millimeter nedbør

Veitastrond – 402.4 millimeter nedbør

Sogndal – 416.1 millimeter nedbør

Njøs – 268.4 millimeter nedbør

Kvamskogen – 647.6 millimeter nedbør

Fjærland – 460.7 millimeter nedbør

Lavik – 700 millimeter nedbør

Førde – 670.1 millimeter nedbør

Austevoll – 265.1 millimeter nedbør

Eimhjellen – 711.5 millimeter nedbør

Myklebust i Breim – 496.1 millimeter nedbør

Hornindal – 500.9 millimeter nedbør