Hopp til innhold

Klar for sine første renn i utlandet

Ole Martin Erdal (22) har satsa skiskyting i fleire år. Endeleg får han sjansen til å måle krefter med dei beste internasjonalt. No er han klar for vinteruniversiaden.

Ole Martin Erdal

UT I VERDA: Ole Martin Erdal er teken ut i den norske troppen til vinteruniversiaden i januar.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er moro å få prøvd seg litt utanlands også. Eg ligg rett under dei som får gå internasjonalt, så då er det kjekt å få moglegheit til å skaffe seg erfaring på denne måten, seier Ole Martin Erdal.

Førde-løparen har satsa skiskyting i seks-sju år, og var ute på treningstur på Sjusjøen ved Lillehammer då NRK fekk kontakt.

Erdal er saman med skiskyttarkollega Jarle Midthjell Gjørven frå Markane teken ut blant dei åtte norske løparane som skal delta i vinteruniversiaden i Slovakia i slutten av januar.

– Eg har lyst til å vere med og kjempe i toppen og gjere gode løp. Viss forma er der, og skytinga stemmer, er det heilt klart moglegheiter, seier han.

Har nærma seg norgeseliten i år

Etter nokre sesongar der 22-åringen ikkje har fått ut det han meiner han er god for, har vinteren så langt vore ein kjærkommen opptur.

Med ein fjerde- og femteplass i norgescupen er det mykje som tyder på at han har nærma seg dei beste løparane – og det gjer også 17. plass på fellesstarten i opningsrennet på Sjusjøen.

– Det har vore mykje betre enn i fjor. Eg har teke steg i langrennssporet. Skytinga har ikkje vore heilt hundre prosent, men eg jobbar bra og trur den også kjem på plass. Då blir det bra, seier Erdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jarle Midthjell Gjørven på skyting

KLAR: Jarle Midthjell Gjørven skal igjen representere Norge i ein internasjonal meisterskap.

Foto: Rune Fossum / NRK

Siktar mot internasjonale renn neste sesong

Sjølv meiner førdianaren at sjansane til å få gå på det nest øvste nivået internasjonalt – IBI-cupen – er størst til neste år. Denne sesongen blir vinteruniversiaden eit naturleg mål. Resten handlar om å prestere i NM og norgescupen.

– Det hadde vore moro å få resultat av alt arbeidet ein legg ned. Det er godt å kjenne at det losnar litt, og at eg har fått ut meir av det eg har gjort på trening på gode dagar, seier Erdal.

– Målet er å bli teken ut til IBU-renn neste sesong, om treninga går som den skal. Men eg seier sjølvsagt ikkje nei om moglegheita byr seg før, seier han.