Hopp til innhold

Gull, sølv og bronse til familien Erdal i NM i skogsløp

Gull til Ole Martin (21), sølv til Karoline (16) og bronse til pappa Herman Erdal. Familien frå Førde tok storeslem i NM i skogsløp som vart arrangert på Landsskyttarstemnet onsdag.

Karoline, Ole Martin og Herman Erdal

SPREK FAMILIE: Karoline, Ole Martin (i midten) og Herman Erdal tok sølv, gull og bronse på NM i skogsløp.

Foto: Stein Mortensbakke

Etter 30 skot i feltskyting og seks kilometer springing var det ingen som var i nærleiken av å hamla opp med Ole Martin Erdal (21) frå Førde i klasse A for menn.

Ole Martin Erdal

SLITEN: Seks kilometer på 20.41 er ein sterk prestasjon.

Foto: Stein Mortensbakke

Han trefte blink på alle skota i skytinga måndag, og var, om det er mogleg, endå meir suveren på springinga.

– Det gjekk såpass bra på skytinga måndag at grunnlaget var lagt. Då var det berre å springa det eg var god til.

Det er skiskyting Ole Martin Erdal satsar på, og då ligg det i korta at han også er i ganske god form.

– Det var ein annan som også hadde fullt hus på skytinga, og me sprang ut på likt, men han vart distansert ganske fort, seier Ole Martin.

Han sprang i mål på 20.41 minutt, dermed forsvarte han sigeren frå i fjor.

Erdal til gull, sølv og bronse

Men også pappa Herman Erdal gjorde det sterkt. Han sprang ut to minutt etter sonen, men i mål var han 6.39 minutt bak, og fekk med det bronsemedaljen.

– Det var ikkje så mykje å gjera med Ole Martin, men eg klarte målsetjinga mi om medalje, så eg er godt nøgd, seier han.

– Bent Ivar Sæther sprang ut likt med meg, men han måtte eg berre sleppa. Eg konsentrerte meg om å klara bronsemedaljen, og det klarte eg greitt.

Sæther tok sølvmedaljen, og sprang i mål på totaltida 24.52 minutt, 4.11 minutt bak Ole Martin og 2.28 minutt framfor Herman.

I jenteklassa for juniorane sprang Karoline (16) Erdal inn til sølvmedalje. Dermed sikra ho at familien kan reisa heim med minst ein medalje av kvar valør.

For Karoline vart det éin plass ned frå i fjor, medan Ole Martin forsvarte sigeren.

– Det var ein heilt grei fangst for familien på éin kveld, smiler Herman.

Hadde vore nøgd med 28 treff

Ole Martin Erdal

SUVEREN: Ole Martin Erdal var suveren. Her frå løpet i fjor, då han også vann.

Foto: Jørn Njøs

Gullvinnar Ole Martin hadde håp om gull, men hadde trudd det skulle bli vanskelegare.

– Eg hadde vore nøgd med 28 treff på skytinga, så at eg fekk 30 var overraskande.

På fredag er det nye medaljesjansar, då skal han skyte i finalen i feltskyting.

– Det blir moro, så får ein sjå korleis det går. På baneskytinga gjekk det ikkje så bra, der sleit eg i ståande. Det blir jo veldig annleis enn skiskyting, der ein har høg puls og står i berre ein kondomdress. På baneskyting har ei jo så mykje klede over alt, seier han.