NRK Meny
Normal

Lukta av brannrøyk slo imot han - då kom også dei sterke kjenslene

Den sterke brannlukta slo imot Mads Rekve då han måndag kveld fekk sleppe inn att i barndomsheimen i Lærdal. Sjølv om han kjenner seg heldig, vedgår han at situasjonen er vanskeleg.

Mads Rekve

SNARTUR HEIME: Mads Rekve heime i stova. Huset hans er ikkje brannskadd, men må reinsast og vaskast før han og sambuaren kan flytte heim att.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Dette er litt rart, før i dag syntest eg ikkje det var så gale... Eg har vel ikkje hatt heilt tid til å tenke meg om, men no føler eg ubehag, seier han.

Saman med sambuaren, og med forsikringsselskap og NRK på slep, syner han inn i eit av dei mange flotte trehusa på Lærdalsøyri. Huset frå 1880 står støtt, men røykskadane er omfattande.

Nabohuset er heilt nedbrent, for Mads og sambuaren ventar ei omfattande oppussing.

– Eg synest det er litt vedmodig. Det å sjå nabotomta og kjenne lukta... Men eg er jo trass alt i ein litt heldig situasjon, seier Mads Rekve til NRK.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

I Lærdal sentrum får flere nå flytte tilbake til husene sine. Men lukten etter brannen sitter stramt i veggene, og sjokker sitter fortsatt i kroppen.

FLEIRE FÅR FLYTTE HEIM: Men ikkje alle. Mads Rekve var blant dei som berre fekk kome innom for å undersøke skadane.

– Heltemodig innsats

Like før klokka 23 laurdag kveld gjekk alarmen, eit hus på Lærdalsøyri stod i brann. Sterk vind gjorde at brannen spreidde seg raskt, på kort tid var den ute av kontroll.

Sjølv var Rekve på Austlandet då meldinga om brannkatastrofen kom. Han skunda seg heim, og vart vitne til ein formidabel innsats frå brannfolk og friviljuge, som trass alt klarte å berge mange av husa.

– Eg er heilt overgitt over den innsatsen dei har gjort. Brannmannskapa sjølvsagt, men også friviljuge. På natta stod frivillige og sløkte brann i hekkar og rundt omkring. Alle gjorde ein heltemodig innsats, meiner Rekve.

Han har brukt mange år på å bringe barndomsheimen tilbake til sin gamle prakt. På utsida ser huset ut slik det gjorde då det vart bygd i 1880, inne er det på alle måtar moderne.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hus brann ned

NABOHUSET BRANN: Nabohuset frå 1840 brann ned til grunnen. Huset til Mads står att.

Foto: Odd Helge Brugrand

Huset er eit livsprosjekt

– Dette har vore eit lite livsprosjekt. Eg er utruleg glad, men samtidig trist for alle dei andre som er råka. Småbarnsforeldre og andre som står utan hus og heim no...

- For meg er dette berre kosmetiske problem, og såleis heilt ubetydeleg, seier Rekve.

Det er tydeleg å sjå på den vaksne mannen at dette er tøft. Inne i gangen og i stova luktar det tung brannrøyk. Alt må reinsast og vaskast, og klede og andre tekstilar må kanskje kastast.

– Vi som bur i Lærdal har ei framtid framfor oss der vi dagleg vil bli minna om det som har skjedd. Det er ei trykka stemning og vemodig no når så mange bygg er vekke, seier Rekve.

Får ikkje flytte heim enda

Huset hans ligg framleis innanfor politisperringane på Lærdalsøyri, og sjølv om han så gjerne vil, så får han ikkje flytte heim att. Rett over gata brann eit verna hus ned til grunnen.

– Eg har vore heldig, utruleg heldig trass alt, i høve til så mange, mange andre. Eg synest det var ei utruleg rar kjensle å kome heim...

- Eg trudde det skulle vere ei sjølvfølge å gå inn att i huset og starte å vaske. Men det klarer eg ikkje no. Det er ei kjensle av tomheit...

Til saman er det mellom 50 og 100 menneske som ikkje får flytte heim att til husa sine måndag kveld. For mange vil det kunne ta veker før folk får flytte heim på grunn av omfattande røyk- og vasskadar.

23 bygg brann heilt ned til grunnen, av dei 16 bustader. Forsikringsselskapa jobbar på spreng for å hjelpe dei, men varslar at det vil ta minst eitt år før husa er bygde opp att.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå