Ordførar Anders Ryssdal. Arkivfoto NRK
Fleire av desse kommunane er heilt avhengige av dette utbytet for å oppretthalde velferdstilbodet på dagens nivå. Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal, meinar difor at vi som forbrukarar bør hugse dette når vi klagar over for høg straumpris.
To millionar til Gloppen
Gloppen er ein av sju kommunar som til saman får ut over åtte millionar kroner i utbyte frå Sogn og Fjordane Energi etter fjorårets pene resultat. Gloppen får to millionar kroner.
Vi held oppe tenestetilbodet
I tillegg er det sju kommunar som får ut 16 millionar kroner etter at også Sunnfjord Energi hadde eit godt år. Når vi som forbrukarar har irritert oss over høge straumprisar, så kan det vere greit å hugse at vi faktisk har vore med å oppretthalde tenestetilbodet i 14 kommunar i fylket.
Kraftprisen viktig for Gaular
Ein av dei er Gaular kommune, der ordførar Jenny Følling berre må vedgå at utan desse pengane ville det gått hardt ut over tenestetilbodet i den fattige kommunen. I Gaular stod kampen tidlegare i år om skuletilbodet i Viksdalen, noko som kostar ein million kroner. Så for Følling er kraftprisutvikling svært viktig for nivået på det velferdstilbodet dei kan tilby.
Avhengig av utbytet
Også i Førde kommune er dei avhengige av utbytet på fem millionar kroner for å oppretthalde velferdstilbodet på dagens nivå. For ordførar Nils Gjerland er trass alt fem millionar kroner mykje pengar.
Ordførar Roger B. Silden. Arkivfoto NRK
Har brukt opp kraftpengane
Vågsøy kommune på si side selde seg ut av dåverande Ytre Fjordane Kraftlag i 1997 og innkasserte ca 140 millionar kronar. - Desse pengane er alt brukte opp, seier ordførar Roger B. Silden.
Sikrar tilgang på straum
Men Gaular, Gloppen og Førde kommune meiner eigarposten er med på å sikre tilgangen på straum i distrikta, sidan dei kan påverke utbygging og kvaliteten på nettet.