Fjordfylket med dyrast nettleige Straumkundar i Sogn og Fjordane er blant dei som i snitt betaler aller mest i nettleige i landet. Det viser tal frå rådgjevingsfirmaet EC Group.
Kjærkomne kraftmillionar Solide overskot i Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi i fjor gav kjærkomne 24 millionar kroner i utbyte til 14 kommunar i fylket.
- Elavgifta er diskriminerande Per Storegjerde. Arkivfoto NRKStraumkundane i fylket subsidierer utvikling av nye energikjelder i sentrale strok. Det meiner administrerande direktør i Sunnfjord Energi, Per Storegjerde, som seier vi betalar ca 165 millionar kroner i året i elavgift berre her i fylket.
Vil dele kraftselskapa Foto: Rune Kjær ValbergRegjeringa føreslår å dele dei største kraftselskapa her i landet i to, slik at det er tette skott mellom nettdrift og straumproduksjon. Målet er å gjere det lettare for kundane å byte leverandør.
Masse dyr straum Kraftproduksjonen har nådd eit rekordnivå. Berre ein gong tidlegare har det blitt produsert så mykje elektrisitet i Norge. Men tru ikkje at du får billegare straumrekning for det.
Kraftsubsidiering OK, meiner utval Årdal Metallverk. Arkivfoto NRKNoreg kan også i framtida subsi-diere kraft til den kraftkrevjande industrien, meiner eit utval i Ap.
Stor produksjon og låg straumpris Alt regnet i desember har ført til rekordproduksjon for energiverka. Sunnfjord Energi produserte i fjor 10 prosent meir straum enn året før.
Total Energi ut av lista Energiselskapet Total Energi i Florø er fjerna frå lista til Konkurransetilsynet. Selskapet har ikkje berekna prisen i tråd med vilkåra til tilsynet. Total Energi har vore på toppen på listene lenge. Det kan selskapet ha tent på, seier førstekonsulent i Konkurransetilsynet, Tore Johan Steinsrud.