- Dette har med geografiske tilhøve å gjere. Det er lange avstandar mellom busetjingane, seier rådgjevar Sverre Løkken.
Løkken fortel at Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag er dei fylka i landet med i snitt dyrast nettleige. Løkken er med i ei prosjektgruppe som har jobba med ei tilskotsordning for prisutjamning i nettleige. Dette er ei ordning som skal dempe nettleiga i dei områda som på grunn av naturtilhøva har høge kostnader.
- Auka løyving er god samfunnsøkonomi
Etter revidert nasjonalbudsjett har Stortinget til saman løyva 29,5 millionar kroner til nettutjamning i år. Men dette er ifølgje Løkken ikkje nok.
- Vi har dokumentert ut at det mest samfunnsøkonomiske vil vere å løyve 40-50 millionar kroner i året, seier Løkken.
- Urettferdig
Energipolitisk talskvinne i Senterpartiet, Inger Enger, seier Senterpartiet no vil ta grep for å styrke utjamningsordninga. Ho meiner det er mange uheldige konsekvensar av dei store forskjellane i nettleige mellom sentrale strok og distrikta.
- For vanlege forbrukarar er dette urettferdig. Dessutan kan dette truge arbeidsplassar i verksemder som driv marginalt, trur Enger.