- Svært mykje av dette går til fjernvarme og fjernvarmeleidningar. Slikt har vi ikkje i det heile her i fylket, og ikkje trur eg vi får det heller, for det er den dyraste og dårlegaste forma for energi som finst, seier Storegjerde.
22 milliardar i avgifter
I går høyrde vi at Staten skor seg kraftig på straumkundane. Dei siste åra har staten auka avgiftene frå straumsalet med tretti prosent. Berre i år blir straumavgiftene på 22 milliardar kroner for landet sett under eitt.
Skulle dempe forbruket
- Opphaveleg var målsettinga for elavgifta at den skulle vere forbruksdempande. No er kraftprisen i seg sjølv så høg at den verkar forbruksdempande. Men når vi tek til orde for å redusere elavgifta, får vi til svar at det vil slå beina under alternative energikjelder, seier administrerande direktør i Sogn og Fjordane Energi, Ole Schanke Eikum. - Dermed er straumkundane i distrikta med på å betale for energiutvikling som dei ikkje vil nyte godt av, seier han.
- Ansvarsfråskriving, meiner Langeland
- Sjefane i dei lokale energiverka driv ansvarsfråskriving når dei klagar på at elavgifta er diskriminerande. Det seier nestleiar i Olje- og Energikomiteen, Hallgeir Langeland frå SV. - Selskapa tener så godt at dei har medansvar for dei høge straumprisane, seier han.