Hopp til innhold

I fjor gifta dei seg, og i år feirar dei første bryllaupsdag blant dekkrøyken på Kaupanger

KAUPANGER (NRK): Det blir mykje røyk, svidd gummi og action når tjue raske bilar skal sladde seg gjennom ei helg med drifting. På Kaupanger skal dei brenne ut det siste krutet dei har for sesongen. Men for nokon betyr denne helga litt ekstra mykje.

stine og kenneth djønne nornes, drifting, driftingweekend, kaupanger

KJÆRLEIK: Stine og Kenneth Djønne Nornes gifta seg under driftingweekend på Kaupanger i fjor. Det var perfekt, meiner dei to. I år feira dei sin første bryllaupsdag der.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det var ikkje noko som var meir naturleg for oss enn å gifte oss i samband med drifting, seier Stine Djønne Nornes.

I fjor gav ho sitt ja til Kenneth Djønne Nornes – midt under dugnaden til «driftingweekend» på Kaupanger. Og i år feira dei sin første bryllaupsdag mellom nettopp dekkrøyk og sladding.

driftweekend, drifting, kaupanger

SVIDD GUMMI: Trikset i drifting er å sladde så mykje som mogleg – rundt og rundt til heile banen er røyklagt.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

For Djønne Nornes er nemleg drifting meir enn berre ein hobby. Det er ein livsstil.

– Dette er vårt hjartebarn. Vi er ein motorsportfamilie, og det er stort sett dette vi held på med. I helgane reiser vi rundt, og då er treåringen med. Så bryllaupsdag her, det er heilt perfekt, seier Stine.

Sladde mest mogleg

Kenneth Djønne Nornes trur det vil gå hardt føre seg under helgas driftingshow.

– No lir det på sesongen og folk er mindre redde for bilane. Då pressar dei grensene hardt, så det er fort at det sprutar litt glasfiber.

Drifting er ikkje heilt som andre bilsportar, det går nemleg ikkje på tid. Det er rett og slett om å gjere å sladde seg gjennom heile løypa og køyre så fort som mogleg.

– Det er nesten like store sjansar for å krasje, som å ikkje krasje, seier han.

Jørgen Tangen, drifting, driftingweekend, kaupanger

HEVDAR SEG: Jørgen Tangen frå Kaupanger har gode resultat i NM i drifting. I helga er han på heimebane under driftingkonkurranse på Kaupanger.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ny stjerne frå Kaupanger

Sjølv har Kenneth køyrt i mange år, og han er no blant landets beste på drifting. Han har vore ein av heltane til Jørgen Tangen – ein litt meir fersk sjåfør på driftingbana. Dette er andre sesongen han stiller til start i konkurranse.

– Eg har vore på driftingweekend i mange år, og sikla etter dei som har køyrt. Kenneth har vore eit stort førebilete. Då eg starta, gav det meirsmak.

Jørgen Tangen, drifting, driftingweekend, kaupanger

MORO: Jørgen Tangen syntest det er utruleg kjekt å køyre når det kjem så mykje publikum og når så mange sjåførar kjem.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Men også Jørgen har gjort det skarpt i konkurransar. Ikkje berre kom han på andreplass i fjorårets NM, han har også vunne eit par NM-rundar.

– Eg syntest det går bra og får mykje gode tilbakemeldingar. Det betyr mykje. Det går jo ikkje alltid vegen, for ting skal klaffe for at dette skal fungere. Men det er utruleg moro, seier Jørgen.

Og sånn er denne sporten. Det går ein bakrute der og ein støytfangar her. Og på ei driftinghelg som dette, svir Jørgen, Kenneth og dei andre sjåførane mange dekk.

– Viss det er tørt kan det fort gå mellom 20 og 30 dekk. Men det kjem no an på vêret, seier Kenneth Djønne Nornes.

driftweekend, drifting, kaupanger

SHOW: Det er show og konkurranse under driftinghelg på Kaupanger.

Foto: Sondre Dalaker / NRK