Hopp til innhold

Fotballpresidenten kastar seg inn i høgskulekampen

– Utan lokale eldsjeler og avgjersler hadde vi ikkje fått til det vi har fått til, seier Yngve Hallén.

Yngve Hallén til stades då Trond Giske møtte Høgskulen i Sogn og Fjordane.

ENGASJERT: Yngve Hallén (t.v.) var til stades då Trond Giske vitja Høgskulen i Sogn og Fjordane i dag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg er ein lokalpatriot og eg ser verdiane det er ved ein har lokale avgjersler. Det har vore viktig for fylkeskommunen og mange andre stader i fylket, seier Yngve Hallén.

Kjempar for sjølvstende

Fotballpresidenten kastar seg dermed inn i kampen for ein sjølvstendig høgskule i Sogn og Fjordane.

Regjeringa ønskjer å slå dei mindre høgskulane saman til større einingar. Skulen sjølv vil stå fast på sjølvstendelina.

Hallén, som er tidlegare dagleg leiar i Sogndal Fotball og ein hovudarkitektane bak Fosshaugane Campus, meiner ein fusjon vil vera uheldig for Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Utan lokale avgjersler og folk som trur på kvarandre lokalt får ein ikkje til å løfte det ein vil. Dette er lokalpatrioten i meg som veks fram, seier han.

Oppteken av samarbeid

Hallén har saman med Rolf Navarsete vore bak planane om eit nytt innovasjonssenter i tilknyting til dagens Fosshaugane Campus . Planane er å byggje ut for 50 millionar kroner, og håpet er 1.000 arbeidsplassar på Campus om ti år.

Du støttar dei som vil behalde ein sjølvstendig høgskule og styrke samarbeidet fagleg?

– Vi skal ikkje motsetje oss å sjå på korleis vi organiserer oss best mogleg. Men vi må sjå på kvifor det skal skje no, og om det kan vere med å minske dei verdiane vi har vore med å byggje opp.

Hallén meiner det er viktig å ha eit breitt samarbeid, ikkje berre med andre høgskular.

Vil samarbeide breitt

– Samarbeid er vel så viktig med heile landet. Vi har kanskje like stort samarbeid med universitetet i Bergen og idrettshøgskulen som med høgskulen i Bergen og Volda som det no vert snakka samarbeid om med, seier han.

Hallén ser gjerne over landegrensene for å finne gode samarbeidspartnarar.

– Det internasjonale samarbeidet er også viktig for å styrke det faglege arbeidet. Det er mange gode argument for å halde på den lokale styremodellen.

Kva er det som står på spel no meiner du?

– Det som står på spel er det vi har skapt rundt trivsel, rundt Campus og rundt det faglege arbeidet, seier han og viser til Fosshaugane Campus som eit godt døme.

– Dette bygget her er eit resultat av lokal entusiasme skapt saman med sentrale politikarar. Det er på tvers av offentlege og private aktørar at det er laga noko her.

Ministeren stiller spørsmål

Hallén meiner at det ikkje hadde gått utan lokal tilknyting.

– Utan det hadde vi aldri fått det til, seier han.

Diskusjonen kring høgskulen går høglytt. Og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har peika på område der Høgskulen i Sogn og Fjordane ikkje scorar like godt, som forsking.

Han har også stilt spørsmål om korleis dei skal klare å handtere ei femårig lærarutdanning med den fagkompetansen som no finst på skulen.

Meiner begge må gje

Dette bles Hallén av.

– Høgskulen har hatt femårig lærarutdanning i fem år på deler av studia, og samstundes har dei klart å møte dei krava dei må for å vere innanfor kvalitetskrava. Dei ligg godt an samanlikna med andre elevar i høgskulesektoren, meiner fotballpresidenten.

Og han viser også til at Sogn og Fjordane har den beste grunnskuleutdanninga i landet, og set dette i samanheng mellom anna med godt utdanna lærarar som arbeider i fylket.

– Vi må ta diskusjonen med departementet for korleis vi skal heve kompetansen og om kva som er viktig, men då må dei også gje noko. Eg stiller spørsmål ved kva med modellen deira som vil gje så mykje betre resultat. Akkurat no føler eg det er meir ideologi og det å vise handlekraft som tel enn å sjå kva gevinst ein kan få ut av ein slik politikk, seier han.