– Det blir nok ei innstilling der vi har alternativet med sjølvstendig høgskule som førsteprioritet. Men resten av formuleringane i vedtaket er eg ikkje heilt ferdig med, seier rektor Åse Løkeland
Ho har ikkje meir enn tida og vegen, for saka skal ut i morgon for å vere klar til styrebehandling 4. og 5. februar.
Tidlegare på dagen møtte ho, dei tilsette og styret kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen som kom til Sogndal for å høyre kva høgskulen gjer, og diskutere framtid struktur for den høgare utdanninga i Norge.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Ministeren er jo veldig tydleg på at han framleis er i den opne fasen, at han framleis er ute og lyttar og er i dialog med oss. Han oppfordra oss til å konkretisere det som vi ser for oss kunne vore
.Riset bak spegelen
Sjølv om ministeren fleire gonger understreka at han var i Sogndal for å lytte, og at dei framleis er i innspelsfasen så har han eit ris bak spegelen.
– Altså utgangspunktet vårt for denne prosessen er ikkje tvang, men til slutt så er det sjølvsagt ei politisk avgjerd korleis den samla høgskule og universitetsstrukturen i Norge skal sjå ut.
– Så du utelukkar ikkje tvang?
– Det er eit retorisk spørsmål. Vi har det overordna ansvaret for strukturen i Norge, og då kan eg ikkje på førehand seie at det er verkemiddel vi ikkje vil bruke. Utgangspunktet er at vi i halvtanna år har snakka med institusjonane, og framleis har god tid på å vurdere løysingar og forskjellige konstellasjonar.
Styremøte i februar
Styret skal handsame saka den 4. og 5. februar. Rektor Åse Løkeland innstiller også denne gong på at dei skal halde på sjølvstendelina. Men innad i høgskulen har meiningane vore delte,
.– Ein har vel tolka meldingane frå regjeringa som eit absolutt krav om samanslåing, og i Førde så har ein vore svært opptekne av å gi retning til det samanslåingsalternativet som det då ville bli, og ikkje sitte passive og berre få ei melding frå departementet. Det utfordrar oss i måten vi skal ordlegge oss på i styresaka, seier Løkeland.