Hopp til innhold

Hadde kniven på strupen – og det hjelpte

Karoline Erdal visste at ho måtte prestere i helga for å komme seg til junior-VM.

Karoline Erdal

NM-GULL: Karoline Erdal sleppte jubelen laus då NM-gullet var i boks. No er også VM-billetten sikra.

Foto: John Roger Meland

– Dette er veldig stor stas, og noko som har vore målet mitt heile sesongen. Det blir stort å få representere Norge i junior-VM, seier Karoline Erdal.

Ho fekk måndag klarsignal til VM-deltaking i skiskyting i Romania i slutten av månaden. Der skal også Isak Flo Bødal frå Stårheim vere med.

Men det var ikkje sjølvsagt at Førde-løparen skulle få VM-billett.

– Etter Beitostølen gjekk eg eitt bra renn og eitt dårleg. Så eg visste at eg prestere på Lillehammer. Så det å få siger på første rennet, gjorde at eg senka skuldrene litt til det neste, seier skiskyttaren.

Mental styrke blir viktig under junior-VM

For å gjere ei lang historie kort: Det enda med siger i norgescupen på laurdag. Dagen etter vart helga krona med gull i junior-NM. Så kom klarsignalet til junior-VM. Snakk om kinderegg!

No tek Erdal med seg dei gode opplevingane inn mot VM.

– Det var viktig å vise at eg kan prestere med kniven på strupen. Ein må vere sterk mentalt i skiskyting. under NM-fellesstarten vart det duell på siste ståande, og då gjorde det godt å prestere, seier 18-åringen frå Førde.

Ole Martin Erdal

MOTIVASJON: Karoline Erdal trekkjer fram broren Ole Martin Erdal som ein av grunnane til at ho byrja med skiskyting.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vart motivert av at broren satsa og vart god

Karoline Erdal er til dagleg å finne på idrettslinja ved NTG på Geilo. Der får ho kombinere idrett og skulegang. Opplegget er det same som storebror Ole Martin Erdal følgde for nokre år sidan.

– Det at Ole Martin vart så god, gav meg motivasjon til å satse. Eg har alltid sett opp til han. Og det gjer eg framleis, seier den ferske NM-vinnaren.

– Kva tenkjer du om dine eigne sjansar i junior-VM?

– Det er ein stor bonus berre å få vere med og gå. Om eg klarer å få til ei god økt, og skytinga klaffar, så kan det bli eit godt løp. Men det er mange gode løparar i verda, så det blir artig å sjå, seier Erdal.