Hopp til innhold

Karadas tilbake til Sogndal

Kraftpluggen Azar Karadas er tilbake i Sogndal-trøya. Klubben og spelaren vart i dag samde om ny kontrakt.

Azar Karadas

TILBAKE: Azar Karadas har knytt seg til to nye år som Sogndal-spelar.

Foto: Ole Reidar Mathisen / NTB scanpix

Avtalen strekkjer seg i første omgang over to år, med ein gjensidig opsjon på eit tredje år.

– Vi er svært nøgde med at vi har Azar tilbake i sogndalsdrakta, då han har vore ein viktig bidragsytar tidlegare i klubben, seier sportsleg leiar Håvard Flo til Sogndal Fotball sine nettsider.

Azar Karadas skal først og fremst vere spelar, men vil også medverke i utviklingsavdelinga til klubben, då han sjølv er godt i gong med si eiga trenarutdanning.

Den tidlegare Brann-, Rosenborg-, Benfica-, Portsmouth-, Kaiserslautern- og Kasimpasa-spelaren takka nyleg nei til eit nytt proffeventyr i utlandet.

I staden tok han turen til Oslo og var etter det NRK kjenner til i samtale med fleire klubbar, mellom anna Stabæk. På det tidspunktet var også Sogndal igjen aktuelle som arbeidsgjevar for 32-åringen.