Hopp til innhold

Karadas takkar nei til utlandet

Azar Karadas bestemt seg for å bli verande i norsk fotball. Eidaren har takka nei til fleire tyrkiske klubbar.

Azar Karadas

I NORGE: Azar Karadas vil bli verande i Norge fotballsesongen 2014.

Foto: Ole Reidar Mathisen / NTB scanpix

32-åringen opna på nyåret dørene for å returnere til eit proffeventyr i utlandet .

Desse dørene har Azar Karadas no lukka igjen.

– Eg var open for spennande eventyr om det skulle dukke opp noko, og det som dukka opp var ikkje av det slaget. Klubbar i utlandet har eg lagt til sides og eg går no vidare med interesserte klubbar frå Norge, seier nordfjordingen til NRK.no.

Interesse frå Tyrkia

Karadas har jakta ny klubb sidan kontrakten med Sogndal gjekk ut ved sesongslutt.

Før det spelte han for Brann og Rosenborg i Norge, og Benfica, Portsmouth, Kaiserslautern og Kasimpasa i utlandet. På nyåret melde det seg på nytt interesse frå utlandet.

– Interessa var sterkast frå tyrkiske klubbar på dei to øvste nivåa. Det kunne utvikla seg, men det gjorde det ikkje. No håpar eg på ei avklaring om ikkje så alt for lang tid, seier Karadas til NRK.no.

Møtte Stabæk

Karadas held korta tett til brystet om kva klubbar som er aktuelle i Norge. Sidan i fjor sommar har rykta svirra rykte om at Brann, Lillestrøm og Sandnes Ulf har vist interesse. I Sogndal har supporterane framleis håp om å sjå han for dei kvite og svarte.

Ifølgje budstikka.no var Karadas i møte med nyopprykka Stabæk torsdag kveld.

Sportsleg leiar Inge André Olsen avviser samstundes at dei har gjeve nordfjordingen som kan spele både spiss og forsvar noko kontraktforslag.

– Azar er ein av fleire spelarar vi jobbar med, og dette er ein del av ein større prosess. No fekk han høve til å møte klubben, og Bob Bradley, seier Olsen.