Hopp til innhold

Her kappar ordføraren brannslangen for tilbygget som kan redde liv

– Arbeidstilsynet har gitt oss ein vekkar med tanke på kva vi faktisk kan få med oss heim att etter skarpe oppdrag.

Mathias Råheim kappar brannslange

OPNA: Opninga av tilbygget stod ordførar Mathias Råheim (H) for då han kappa ein brannslange framfor tilbygget. Det var då passande at opninga skjedde når både Sande, og andre brannstasjonar, arrangerte open dag.

Foto: Gaular brannvesen

Det seier brannsjef Truls Hansen Folkestad i Gaular. Som den første brannstasjonen i fylket har dei fått på plass både skitten og rein sone på stasjonen.

Løysinga vart eit kring 70 kvadratmeter stort tilbygg til 1,5 million kroner.

– Arbeidstilsynet kom med pålegget i 2018. Politikarane forstod alvoret og prioriterte midlane. I tillegg har vi hatt eigeninnsats i form av dugnad frå mannskapet. Dei har vore positivt innstilte og gira på å få dette til så raskt som mogleg, seier brannsjefen.

Førebyggjer kreftfare

Bakgrunnen er studiar som viser at brannmenn oftare får kreft . Brannrøyken blir stadig meir giftig, mellom anna på grunn av stadig meir kjemikaliar i bygningar.

Ein studie i Norden viser auka førekomst av hudkreft, føflekkreft, lunge-adenokarsinom, tjukktarmskreft, prostatakreft og lungehinnekreft blant brannmenn.

Kreftregisteret og Statens arbeidsmiljøinstitutt har starta ei større undersøking blant norske brannmenn.

– Det er ikkje noko som har uroa oss, men vi tenkjer alltid på å unngå unødig brannrøyk når vi er ute på oppdrag. Vi har rutinar for utstyr, men vi har fått ein vekkar med tanke på å tenkje heile turen, seier Folkestad.

Mange fekk pålegg

Arbeidstilsynet gjorde i 317 tilsyn i brann og feiarvesenet frå 2016 til 2018. Då kom det fram at nær sju av ti kontrollerte verksemder ikkje gjer tiltak for å redusere helserisikoen knytt med farleg eksponering for brannrøyk.

Difor fekk mange brannstasjonar pålegg om rein og skitten sone.

– Som følgje av tilsynet må fleire bygge nytt for å oppfylle vilkåra, og det knyter seg store beløp. På Sande har vi hatt fleire fornyingar, og har mellom anna både dame- og herregarderobar, så vi var godt nøgde med at vi klarte oss med eit tilbygg, seier Folkestad.

Som ein vaskehall

Tilbygget er som ein vaskehall og tørkestasjon for både brannmenn og feiarar.

– Når ein kjem att frå skarpt oppdrag går ein til rett stad, tek av seg tøy og vaskar både seg sjølv og utstyret, så ein ikkje tek kjemikaliar med seg vidare, seier Folkestad.

Heile stasjonen, med unntak av vaskehallen, er no definert som rein sone.

– No har vi system og rutine på stasjon og bilar, slik at vi førebyggjer at vårt mannskap blir eksponert for brannkjemikaliar, seier Folkestad.