– Me jobbar med å få det til sommaren 2012, seier dagleg leiar Egil Mundal.
Manglar pengar
– Det vil det kosta mellom seks og sju millionar kroner å byta til kunstgras, men me manglar framleis dei pengane, seier Mundal.
Sogndal Fotball vil i vinter jobba med å skaffa dei midlane dei manglar til prosjektet. Om pengane kjem på plass, blir det ein hektisk arbeidsmånad på Fosshaugane Campus til sommaren.
– Sommaren 2012 er fyrste moglegheit, og me ønskjer å få det til i den perioden. Det er gunstig sidan det er ein lang spelepause frå den 28. mai til den 30. juni, seier Mundal.
(Artikkelen held fram under biletet)
Fleirbruksarena
– Heile Campus er bygd rundt tanken om å vera ein fleirbruksarena. Med kunstgras vil anlegget bli opna på ein ny måte for fleire enn berre tippeligalaget.
Nyleg opna den nye vidaregåande skulen i Sogndal, som er kopla saman med den nye tribunen på langsida. Om det blir lagt kunstgras kan det opna stadion for meir enn berre fotball.
– Eit kunstgrasdekke på Fosshaugane Campus vil opna opp anlegget for meir enn 90 minuttar med fotballsparking annankvar veke. Både skulen og Sogndal treng meir idrettsareal, og stadion vil òg kunna brukast til andre ting, seier Mundal.
Eit kunstgrasdekke må skiftast kvart tredje eller fjerde år for å imøtekomma krava frå fotballforbundet. Då er det snakk om ei utgift på rundt tre millionar kroner kvar gong.
– Kan ikkje skryta
Denne sesongen har bana på Fosshaugane fått massiv kritikk frå fleire hald. Graset tolte ikkje den lange og kalde vinteren, og årets sesong har vore eit framifrå argument for å leggja kunstgras på fylkesarenaen.
- LES ÒG:
- LES ÒG:
- LES ÒG:
– Kunstgras i Noreg er kome for å bli. Med dei lange sesongane og klimaet me har her kjem ein ikkje utanom det, seier Eirik Bakke.
Bakke har tidlegare vore ein av kunstgrasmotstandarane i Sogndal, men dei siste åra har han innsett at kunstgras er heilt naudsynt på Fosshaugane.
– Me har ikkje kunna skryta so mykje av heimebana vår i år. Banemannskapa har gjort alt dei kan, men bana har ikkje vore ideell. Med ei kunstgrasbane får me meir kvalitet inn i treningskvardagen for A-laget, samstundes som den kan bli brukt av alle.
– Når me knapt har vore ute på bana heile året, seier det seg sjølv at noko er riv ruskande gale.
I dag har seks av 16 klubbar i den norske eliteserien kunstgras på heimebana si.