Hopp til innhold

Fosshaugane verre enn den ser ut

Grasmatta på Fosshaugane er framleis langt unna toppformen, og blir neppe særleg betre fram til Vålerenga-kampen på søndag.

Trakkegjengen på Fosshaugane 26.05.11

Torsdag morgon gjorde trakkemannskapa på Fosshaugane det dei kunne for å få bana i stand att til søndag.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Eg forstår at folk kan vere kritiske. Bana er nysådd og med all nedbøren vi har hatt dei siste dagane har me ikkje fått lufta den skikkeleg, seier driftsleiar på Fosshaugane Campus, Anne Vedvik.

– Kjempar de mot naturen her?

– Ja, me gjer vel det. Alt som er grønt utpå der er sådd i år og det seier seg sjølv at det veks seinare når det er så kaldt som det har vore i det siste.

Slik såg det ut på Fosshaugane for ikkje så lenge sidan.

– Verre enn det ser ut

Grasmatta ser atskilleg betre ut no enn ho gjorde ved seriestart i mars. Frå tribunen ser det grønt ut, men går ein ut på bana ser ein at det framleis er eit stykke mellom kvart grasstrå. I tillegg har nedbøren gjort bana laus.

– Det er vanskelegare å spele på denne bana enn det ser ut til frå sida. Det er veldig laust, sa Harald Aabrekk etter at Sogndal hadde slege Asker 2-0 tredje cuprunde onsdag kveld.

Også målskårar Ole Jørgen Halvorsen tykte det var vanskeleg å spele på Fosshaugane.

– Fosshaugane er våt, tung og ikkje så bra å spele på, sa han.

Kritikk i heile år

Etter ein hard og snørik vinter som vart avløyst av ein våt og kald vår har Fosshaugane-graset vorte kritisert jamt gjennom heile sesongen. Vedvik ber om forståing for at banemannskapa har ein vanskeleg jobb.

– Me får nok ikkje gjort så mykje med det fram til helga, men etter Vålerenga-kampen skal ikkje bana brukast før 16. juni. Til den tid bør bana vere bra.

Sogndal Fotball la vekk planane om å legge kunstgras på Fosshaugane i år, men temaet er til stadig diskusjon.