Hopp til innhold

- Skandaløst dårleg bane

Sogndal-toppskårar likar ikkje at Fosshaugane-graset blei brukt under stor fotballturnering.

Ole Jørgen Halvorsen og Umaru Bangura
Foto: Oddleif Løset / NRK

- Skandaløst dårleg.

Slik karakteriserer Sogndal-toppskårar, Ole Jørgen Halvorsen, grasmatta på Fosshaugane stadion.

- Øydelagde for oss

- Bana var dårlegare enn nokon gong. Nokre stader var ho så blaut at det var vanskeleg å stå på føtene. Andre stader var ho så turr at det lugga og ballen humpa og spratt, seier ein oppgidd Halvorsen til Sogn Avis etter 1-0-tapet mot Fredrikstad søndag.

Halvorsen er kritisk til at bana blei brukt under Sognefjord Cup.

- Eg forstår at cuparrangementet er viktig, men den dårlege bana gjorde det vanskelegare for oss i kampen mot Fredrikstad. Her på heimebane er det vi som skal føre kampen, men det er ikkje lett å få til når ballen sprett i alle retningar, seier den dribleglade vingen til Sogn Avis.

Mykje kritikk

Tidlegare i sesongen har fleire av motstandarlaga til Sogndal kritisert banetilhøva på Fossahaugane.

- Det burde ikkje ha vore lov å spele eliteseriefotball på ei bane som Fosshaugane, sa Tromsø-trenar Per-Mathias Høgmo etter 0-0-kampen i april.

Mykje regn og ein kald vinter har gjort det krevjande for Sogndal Fotball å få skikkeleg orden på bana.

- Fosshaugane er ikkje ideell i år, men det har blitt mykje urettvis kritikk i media, og me er ikkje samde i at det ikkje er ei god bane, sa Egil Mundal, dagleg leiar i Sogndal Fotball til NRK Vestlandsrevyen i slutten av mai.