Hopp til innhold

Høgmo slaktar Fosshaugane-graset

Tromsø-trenar Per Mathias Høgmo var lite nøgd med den tunge og humpete grasmatta på Fosshaugane.

Ole Jørgen Halvorsen

SLAKTAR: Grasmatta som Ole Jørgen Halvorsen & co tok sesongens første poeng på, blir slakta av Tromsø-trenaren.

Foto: Rune Fossum / NRK

Etter 90 minutt kom Tromsø frå kampen med 0-0 og eitt poeng. Nordlendingen lengta på si side heim til kunstgraset i Tromsø.

Han meiner det ikkje burde vore lov å spele eliteseriefotball på ei bane som Fosshaugane.

- Når vi har lisensar kring om for å sette standard på tribunar, dusjar og garderobar, så må ein vente at det viktigaste, grasmatta, held kvalitetar som er utviklande for norsk fotball, seier Høgmo.

Annan fotball

- Hadde bana stroke i dag dersom det hadde vore eit slikt lisenskrav?

- Det trur eg definitivt. Dette har ingenting med å skylde vekk resultatet, men at ein ynskjer ein annan type fotball, seier han.

Med dei første kampane 18. mars, fekk den norske toppfotballen ein rekordtidleg seriestart i år.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Snøen ligg djup på Fosshaugane

SJÅ: Slik såg grasmatta på Fosshaugane ut 23. februar i år.

- Taktisk fint

På grunn av den tidlege sesongstarten, har klubbar med naturgrasmatter som Sogndal fått utfordringar med å få banene speleklare.

Trenar på Fosshaugane, Harald Aabrekk, ler vekk kritikken frå Tromsø-trenaren. Han gledde seg over at det var heimelaget som klarte seg best på det vanskelege underlaget.

- Det er taktisk fint av Per Mathias. Når vi er betre enn dei, så er det greitt å trekkje fram bana. Eg trur ikkje han frå Tromsø skal gjere det. Eg har vore i Tromsø i nokre år og spelt nokre kampar der oppe. Eg trur ikkje han er i posisjon til å snakke om bana akkurat, seier han.