Hopp til innhold

Kan slett ikkje love nokon draumepåske

Bortsett frå opphaldsvêr natt til laurdag, så er det ikkje rare greiene meteorologen kan love oss av godt vêr i påsken.

Påskestemning

NYDELEG: Dagen i dag var heilt fantastisk vêrmessig. Slik blir det ikkje resten av påska.

Foto: Anne Cecilie Kapstad

Etter ein fantastisk dag med sol og skyfri himmel onsdag, så er det dessverre slutt på godvêret for denne gongen.

– Det skyar til seint i kveld, og så kjem det nedbør utover morgondagen. Gleda har vel blitt for kortvarig denne gongen, innrømmer statsmeteorolog Berit Hagen.

Etter jamn nedbør heile torsdag, så kjem det også meir vind for dei som er på fjellet og heilt ute på kysten i form av kuling.

– Fredag får vi framleis nedbør, då meir som bygeform på nedbøren. Så vil det etterkvart gje seg litt utover dagen og på kvelden kan vi få opphaldsvêr. Natt til laurdag blir det greitt vêr, men det er jo eit litt uheldig tidspunkt for mange...

Men ikkje nok med det. Berit Hagen har ingen planar om å varsle noko betre vêr for påskeaftan og påskedagane.

– Når vi kjem til laurdag så aukar vinden på og eit nytt nedbørsfelt kjem innover Vestlandet. Det kjem som regn i låglandet og som regn frå 500 – 700 moh. Det blir mest nedbør i helga, og særleg då søndag, konkluderer meteorologen.