Hopp til innhold

Kan kome inn i Fjord1-styret

Tidlegare fylkesrådmann Jan Øhlckers og Vidar Grønnevik frå Florø blir presentert som nye styremedlemmar i Fjord1 av fylkesrådmannen.

Vidar Grønnevik og Jan øhlckers kan kome inn i nytt Fjord1-styre.

FJORD1: Vidar Grønnevik og Jan Øhlckers kan vere på veg inn i Fjord1-styret dersom fylkespolitikarane følgjer råda frå fylkesrådmannen.

Foto: NRK

– Eg er bedt om å stille, og har sagt meg villig til det.

Er du overraska?

– Ja, eg hadde vel i utgangspunktet ikkje tenkt meg ei slik rolle. Når eg no er spurt, så syns eg det er viktig å få ro i selskapet slik at ein kjem i ein situasjon der ein kan konsentrere seg om den løpande drifta, seier Øhlckers.

Øhlckers er tidlegare fylkesrådmann og har også vore rådmann i Årdal. No er 69-åringen pensjonist, men driv eige selskap, og sit også i styret i F1-holding.

I slutten av november trakk styret og direktøren i Fjord1 seg på bakgrunn av prosessen som har vore kring Fjord1-salet. Dei avgådde styremedlemmane og direktøren kom med krass kritikk av fylkeskommunen si handtering av saka.

Øhlckers vil ikkje seie om han er rett mann til å få selskapet på rett kjøl, men meiner han kjenner selskapet godt. Fylkesrådmann Tore Eriksen har blinka Øhlckers ut som styreleiar.

– Eg har følgt selskapet tett gjennom dei åra eg var fylkesrådmann. og også no som styremedlem i F1-holding.

Kan ikkje utsette saka

Også 58 år gamle Vidar Grønnevik frå Florø, som har vore administrerande direktør i INC Invest og no er dagleg leiar i Vili Acra AS, har sagt seg villig til å stille som styrerepresentant.

I møtepapira som er lagt fram før fylkesutvalet sitt møte på måndag understrekar også Eriksen at det er avgjerande å få på plass eit nytt styre, så raskt som mogleg, og at det ikkje er forsvarleg å utsetje avgjerda. Ein bør samtidig leggje stor vekt på å finne fram til kandidatar som er innforstått med å arbeide ut frå den situasjonen selskapet no er i.

Fylkesrådmann Tore Eriksen ynskjer ikkje å kommentere saka.