Hopp til innhold

Jubla dei for tidleg?

Det var jubelstemning hos dei tre fylkesordførarane etter at dei førre veke signerte ein plan for å bli til eitt fylke. No er det fylkestinga som skal avgjere, og der står ikkje stemninga i taket.

Eit trekløver av nøgd fylkesordførarar

GLADE OG FORNØGDE: Då dei tre fylkesordførarane hadde signert intensjonsplanen om å gå saman til eitt fylke, braut det ut i spontan jubel og applaus

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Dette har gått veldig fort, og det er mykje vi ikkje veit. Det kjennest litt som eit tvangsekteskap der vi ikkje har fått sjå brura utan slør. Det seier fylkestingsrepresentant for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane, Torbjørn Vereide.

Torbjørn Vereide

GÅR FOR FORT FRAM: Torbjørn Vereide i Arbeidarpartiet tykkjer det har gått for fort fram, og vurderer å røyste nei til intensjonsplanen i fylkestinget. Han trur at Arbeidarpartiet sine representantar kjem til å få røyste slik dei vil.

Foto: Privat

Han vurderer å røyste nei til fylkessamanslåing når fylkestinget skal ta ei endeleg avgjerd i desember. Det er han ikkje åleine om.

Les også: Alt du treng å vite om Vestlandsregionen

Fleire har ikkje bestemt seg, og nokre vil ikkje uttale seg, men NRK kjenner til 14 representantar av dei 31 i Sogn og Fjordane fylkesting som vurderer å røyste nei til intensjonsplanen om Vestlandsregionen.

– Vi vil jo helst ikkje ha noko fylke i det heile teke, så vi er redde for at eit nytt storfylke skal bli vanskelegare å verte kvitt enn dagens fylke. Det seier gruppeleiar for framstegspartiet Frank Willy Djuvik. Frp har to representantar i fylkestinget, og Djuvik fortel at dei begge vurderer å røyste nei.

Sjølve signeringa

HISTORISK: Fylkesordførarane følte seg historiske då dei signerte intensjonsplanen om å gå saman til eit fylke i førre veke.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Dei sikraste nei-korta ser ut til å vere dei to representantane til SV og Miljøpartiet dei grøne.

– Denne avtalen er ei oppskrift på sentralisering av vestlandet. Sogn og Fjordane kjem til å bli overkøyrd av dei to andre fylka, og eg kjem garantert til å røyste nei. Det seier Jakob Andre Sandal som er SV sin representant i fylkestinget.

I Rogaland er det heller ikkje sikkert at fylkestinget røyster ja: Vaklende vestlandsregion

Fylkesordførar Jenny Følling frå Senterpartiet har forhandla fram intensjonsplanen på vegner av Sogn og Fjordane, men stemninga i hennar eige parti er svært lunken.

Erlend Herstad

KRITISK: Erlend Herstad er kritisk til heile regionreformen, og lener mot at Sogn og Fjordane bør halde fram som eige fylke

Foto: SP/Ragne B Lysaker

– Eg er veldig skeptisk. Vi manglar føresetnaden for å heile avtalen, nemleg fleire oppgåver til det nye storfylket. Då ser eg heller at vi held fram åleine, seier Erlend Herstad som sit i fylkestinget for Senterpartiet.

Les også: Her vert avtalen om det nye Vestlandet signert

Også fleire andre i Senterpartiet si gruppe tenkjer på å røyste nei til intensjonsplanen. Gruppa er den største på Fylkestinget med ti representantar, og NRK kjenner til at i alle fall seks av dei vurderer å røyste nei.

Jenny Følling i korridorane

KREVJANDE: Det var ei intens stemning i gangane under forhandlingane om intensjonsplanen, og Jenny Følling sa det var svært krevjande forhandlingar. Når resultatet var klart var ho strålande fornøgd, men hennar eige parti i fylkestinget ser ikkje ut til å vere overbevist.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Har vi noko val?

Spørsmålet mange representantar no stiller seg er om det er eit alternativ å halde fram som eige fylke, eller om Stortinget ved eit nei i fylkestinget kjem til å slå i hop fylka ved tvang.

Karianne Torvanger i fylkestinget

VIL RØYSTE JA: Karianne Torvanger frå Arbeidarpartiet kjem til å røyste ja til intensjonsplanen, sjølv om gjerne skulle sett at Sogn og Fjordane hadde haldt fram som eit eige fylke.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg vil helst halde fram som eige fylke, men eg trur ikkje det er noko alternativ. Eg trur Stortinget kjem til å slå oss i hop med tvang om vi seier nei. Det seier fylkestingsrepresentant for Arbeidarpartiet Karianne Torvanger. Ho har tenkt å røyste ja til avtalen.

– Folk går ikkje i fakkeltog for fylkeskommunen

Leiar for kommunalkomiteen på Stortinget Helge Andre Njåstad går langt i å seie at Torvanger har rett i mistanken sin.

Helge André Njåstad i Førde

VIL TVINGE SAMAN: Leiar i kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad, trur det vil bli brukt tvang om Sogn og Fjordane går inn for å stå åleine.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er enklare å slå i hop fylke med tvang, enn det er med kommunar. Folk har ikkje dei same kjenslene knytt til fylkeskommunen sin.

Kjem Stortinget til å akseptere at Sogn og Fjordane står åleine?

– Det trur eg ikkje. Det er opp til Stortinget å bestemme kva slags forvaltning vi skal ha her i landet, og Stortinget har vedteke at vi skal ha ti regionar. Då blir Sogn og Fjordane for lite, seier Njåstad.