Hopp til innhold

Johannes har strikka i over 70 år

FØRDE (NRK): Han byrja å strikke i skjul i 1946. Sia då har interessa for handarbeid berre vorte sterkare.

I tillegg driv han med treskjering. Men det er ekstra kjekt med strikking og brodering, for då kan han samarbeide med kona Aud Berit Ness.

Han byrja å strikke i 10-årsalderen.

– Eg hugsar eg sat i senga og prøvde meg på ei 8-bladrose. Då var eg ikkje gamle karen, fortel Johannes Ness.

Selbuvottar

SELBUVOTT: Ein av mange vottar Johannes Ness har strikka.

Foto: Ingvild Bakken

Skilde seg ut

Var det uvanleg at gutar strikka på den tida?

– Ja. Eg var vel åleine om det.

Fekk du noko merksemd fordi du var ein gut som var flink til å strikke?

– Nei, det gjorde eg ikkje. Eg trur ikkje så mange visste om det. Eg gjorde ikkje nokon merksam på det.

No har han strikka i over 70 år. Johannes strikkar selbuvottar, genserar og strikkesokkar.

– Han strikkar veldig jamt og fint, seier Aud Ness, kona til Johannes.

Samarbeider med kona

No har Johannes nokon å dyrke interessa med. Denne vinteren har ekteparet strikka sju genserar i lag. Johannes har strikka ermane og Aud har strikka bolen på genserane.

Aud Berit Ness

MANGE FELLES HOBBYAR: Johannes og Aud Ness har mange felles interesser som handarbeid, kor og dans.

Foto: Ingvild Bakken

Begge driv i tillegg mykje med ulike typar brodering.

– Det er jo veldig spesielt det syarbeidet kona mi driv med, hardangersaum, seier Johannes.

Vinteren 1962 til 1963 var Johannes sjukmeldt. Då trong han noko å gjere på medan han skulle bli friskare.

– Den vinteren lærte Aud meg hardangersaum og hjelpte meg i gong med å brodere ein duk, fortel Johannes.

Duk brodert av Johannes Ness

HARDANGERSAUM: Duken broderte Johannes Ness vinteren han var sjukemeldt.

Foto: Ingvild Bakken

Paret syns det er kjekt å samarbeide om handarbeid.

– Men det blir jo ein del krangling då, seier Johannes lurt.

– Nei, eg trur nok det går bra, ler Aud.

Johannes Ness

EIGENLAGA GENSER: Johannes Ness sit i eigenlaga genser og strikkar eit par sokkar.

Foto: Ingvild Bakken

Multikunstnar

Det er ikkje berre strikking og brodering 82-åringen driv med. Han er nemleg også ein kløppar i treskjering. Han har blant anna laga 16 hardingfeler, ein modell av skipet Christian Radich og veldig mange skoskeier.

Johannes Ness

IVRIG STRIKKAR: Johannes Ness har strikka sia han var 10 år gammal.

Foto: Ingvild Bakken

Aud fortel at det er skoskeier over heile verda som Johannes har laga. Johannes gir skoskeiene vekk som gåver, og slik har dei enda opp i land som USA, Kenya og England.

– Treskjering har eg etter far min. Han vart veldig glad i treskjering då han vart pensjonist, seier Johannes.

Han og kona Aud har og drive mykje med idrett. No syng dei i saman i seniorkor og er begge instruktørar i seniordans.

– Eg er pensjonist og må jo ha noko å gjere på. Må ha eit spøt på handa, ler Johannes Ness.

Hardingfele laga av Johannes Ness

HARDINGFELE: Ei av dei 16 felene som Johannes Ness har laga.

Foto: Ingvild Bakken